lørdag 28. september 2013

Frostadtind (807 moh)

25.09 September har vore så fin! Onsdag planla vi fjelltur rett etter jobb. Eg hadde lyst på Frostadtind (807 moh). Eg har aldri vore der, og den vert anbefalt som snill skitur. Det var difor på tide med rekognosering.

Etter litt om og men var det Ann-Kristin, Synnøve og eg som rakk turen. Vi parkerte ved bommen for å få maks trim. Grusveg til Høgsætra og sti vidare. I starten var stien våt, men etter ein liten kilometer vart det flott tørr sti på fine rabbar innover. Snill fjelltur var det såvisst, med lange slake bakkar. Perfekt ettermiddagstur.

Fantastisk fin varde på toppen

Eller...

Den eigentlege toppen var vist der borte.

Sjarmøretappa bort ryggen gjekk fort og greit. Ingen kan skulde oss for ikkje å ha vore på sjølvaste Frostatind. 

Vestover til varden og mot Ålebyen. Sukkertoppen der bak. 

Supert turfølgje! På SJØLVASTE toppen.

Dei ser kanskje søte og uskuldige ut, men skal seie desse jentene har fart i føtene. Så det vart skikkeleg trim for meg å henge på. Med ny energi, fulle av endorfinar og frisk luft var vi skjønt einige om at det hadde vore ein strålande tur!

 Frostadtind er høgaste toppen i Skodje kommune (HIKS). Meir info om turen på fjellinordvest.net  
Det vert skitur hit i løpet av vinteren. 

torsdag 26. september 2013

Rulling Giske rundt

26.09. Vi er velorganiserte og klarar å få oss padleøkter om ettermiddagene. Padlepoeng til oss! Sygni sikla på septemberrulla, og eg var lett med på rulling. I dag var eg motivert. Rullemotivert.

Dagens elg 

Flott lys, open horisont. lading av batteria. 

Der ein kan padle gjennom, skal ein padle gjennom..

I dag var det flo då vi la ut, så vi kunne padle litt meir innimellom enn sist. Kjempemykje fugl, ein sel og klårt vatn med masse spennande vekstar. Giske rundt er ein veldig flott liten tur. Kanskje det vert 52 måtar å padle Giske rundt på framover? Kanskje vi temmer selen i vinter? Dette er ein tur som ein ikkje vert lei av. Det er varierte vind og bølgjeforhold og passeleg langt for ein vinterettermiddagstur. 

Rullinga: Første økt på nordsida i litt skvalp. Full klaff for begge to på fleire ruller. Det gjorde godt for sjølvtillita.

  video
Sygni ruller på studiostranda

Vi har no komme dit at vi ikkje bryr oss om litt skvalp. Eg fekk til og med til litt static brace på godsida i skvalp. 

video
Sygni: Elegant innhenting av ikkje heilt perfekt rulle

video
Eg rullar

Måtte ha ein filmsnutt av meg sjølv og - så då vart det rulleøkt nummer to på slutten av turen. Ser at eg framleis erkjapt oppe med hovudet, og kan jobbe litt meir med det. Men no er godfølelsen der att.

video
Verdspremiere: Eg tek "butterfly"-rulle med euroåre for første gang nokonsinne. 

Strålande kveld. Giske rundt er ein favoritt. Denne gongen klarte eg til og med å møte i rett hamn til rett tid. 
10 km

"Plomming" og husmorfakter

14.-15. september var eg heime hos familien, og robba siste rest av plommetrea til mamma og farmor. Den første delen av aktiviteten "Plomming" er veldig kjekk. Klatring i og risting av tre, gardintrapp, rive, og bøtter. Eg tenker du ser det føre deg her no.

Søt og god "Opal" (trur eg)

Tilbake i rekkehuset er det eigne husmorferdigheiter som må øvast opp. Fordelen med å komme frå gard er at ein har ein base med mykje godt utstyr. I tillegg til å robbe plomme hadde eg lånt originale norgesglas frå kjellaren til farmor. Farmor var dessutan pumpa for informasjon om hermetisering. Det er jo ikkje den ting ho ikkje kan, sidan hennar husmorungdomsår var i tida før kjøleskap og frysar. 

Eg startar med plan B. 
Legg til side nok plomme til mauling resten av veka i tilfelle produksjonen går rett vest. 

"Plomming" del 2 handla veldig mykje om hygiene. Vasking, sterilisering, Atamon (ein av dei produkta som IKKJE har skifta utsjånad sidan 1960). Forhåpentlegvis godt nok. 

Sterilisering i steikomn.

Plomming del 3 handla mykje om sukker. Og sukkerlake. Og kliss overalt. Den første produksjonskvelden gjekk med til den gode gamle konserveringskunsten hermetisering. Etter å ha sjekka både kokebokbiblar og internett valde eg minste motstands veg, og plukka det eg likte frå tre ulike oppskrifter... 

1. Ikkje skrelle plommene
2. Koke opp laken for seg
3. Koke glassa ferdig med plomme i til slutt

glas, plommer, lake, nesten i mål. 

Eg testa to ulike sukkerlakar: 1) Vaniljestang 2) Konjakk og kanel. Oppskrift nederst på sida.

Kok opp - la trekke i kjelen i ca 20 min. 

Ferdig! 

I alle fall ferdig til godgjering i boden fram til jul. Farmor meinte det var noko med at om plommene flaut opp i glasa, så var glasa tette. Det ser svært lovande ut. Dessertmoms som eg er, ser eg fram til hermetiserte plommer i fleire variantar.  

Plomming del 4 handla om å finne mange ingrediensar som ein absolutt ikkje assosierar med plomme.  

Råvarer!

Prosjekt chutney var i gang. Eg laga ca 2/3 porsjon men med full mengde plomme og dobbel dose kvitlauk. 
Kutt opp i småbitar - ha i kasserolle - kok opp og surr. 

Chutney-kjele

Det tok ganske lang tid å få den konsistensen som eg ville ha - ca 1 time med surring. Første smaksprøva var lovande. Skikkeleg god smak, skikkeleg hot og litt sursøtaktig. Det vert spennande å teste saman med middagar framover. 

Plomming del 5 vart marmeladekoking. 

Marmeladekjele

Eg brukte litt mindre sukker enn oppskrifta. Limeskal og plommesteinar vart fiska opp av kjelen etterkvart. Her måtte og innhaldet stå å surre mykje lenger enn oppskrifta, men så vart det skikkeleg stiv marmelade og!
I løpet av prosessen kom eg på at eg i grunn ikkje likar marmelade spesielt godt.
Klokka 23.30 var det likevel svært godt med eit par skorper med lun marmelade på. "Plomming" 2013 erklært gjennomført og avslutta! No er det berre etinga som står att. 

Hermetiske plommer - lake 1 - vanilje 
1 l vann
700 g sukker
1 stk vaniljestang
0.5 dl nypresset sitronsaft (hindrer at frukten mørkner)

Hermetiske plommer - lake 2 - konjakk og kanel
1 l vann
700 g sukker
1 stk kanelstang
0.5 stk sitron, revet skall av
4 dl cognac
0.5 ts sitronsyre (hindrer at frukten mørkner)

Mine favorittlinkar til hermetiseringstips:
Plommechutney
500 g plommer (500 g)
500 g epler (350 g - 2 grønne)
1 båt hvitløk (2 båtar - kvitløk er godt!)
500 g tomater (4 store plommetomar ca 350 g)
500 g løk ( 2 gule løk, ca 300 g)
litt frisk ingefær (25 g - tilsvarande stor tommel)
2 1/2 dl eddik (2,1 dl)
250 g sukker (200 g)

Originaloppskrift, med mine mengder i parentes. 
Vask, rens og kutt frukt og grønnsaker. Kok mør i eddik. Tilsett sukker og kok til chutneyen vert tjukk og fin i konsistensen. Fyll over på heilt reine glas. Oppbevar kjølig.

Plommemarmelade
1 kg plommer
1/4 dl vann
1 lime og 1/2 sitron
1 vaniljestang
nyrevet fersk ingefær (terning 1 x 1 cm)
500 g sukker

mandag 23. september 2013

Månelyst rundt Giske

17. september. Kanonver og eg stressar ut etter jobb for å møte Sygni på Giske. Det går på skinner, og med god margin er eg på plass i småbåthamna 5 min før tida. Vi skulle finne den lettaste plassen for "knelause" å gå ut. Eg vart litt forundra over at all sanden som var her sist gong no plutseleg var vekke.

Mens eg ventar så tek eg instagrambilde #småbathamn #Giske

Eg vert ganske irritert då klokka viser 10 over og Sygni framleis ikkje har vist seg. Har ho ikkje respekt for meg, tidsbruken vår eller skjønnar ho ikkje kor korte dagane er for tida? Eg var i ferd med å hisse meg litt opp, men bestemte meg for å drøye 5 minutt til. Det kunne jo vere noko med ungane som hadde komme i vegen. 

Då ser eg Sygni sitt bilde på instagram.....
Sygni på instagram: Endeleg ut av soffa'n #kajakk #Giske #godsomny

Sjekk: Sygni er faktisk ikkje her. Eg måtte ringe. Ho var merkeleg nok heilt sikker på at HO stod i den hamna som vi har lagt ut i frå før. Og lurte litt på kvar det vart av meg. Så feil kan ein ta (dvs EG). #Flau.
Det viste seg at all sanden låg der den skulle ligge. Det er faktisk TO småbåthamner på Giske, som begge har to moloar, blå større båt fortøyd, naustrekke og småbåtbrygge. Det er likevel berre den eine som har sandstrand, og er svært godt egna for meniskopererte.   

Giskebrua er veldig fin.

Sesongens første melis på toppane. Jønshornet. Sunnmøre er flott.

Kveld. Flott å padle rundt Giske. Mykje fugl. Nydeleg lys. Kjekt å padle att - det verka som evigheiter sidan sist. - Å ja, omlag to veker då eller? Sygni flirte. 

Padlar i solnedgang. Lekkert som vanleg. 

Vi hadde gledd oss på fin solnedgang, og den var bra nok den altså. Høgdepunktet denne kvelden vart likevel månen. 

Måne på himmelen og stjerner på sjøen

Månelyst! Vakkert.


10 km tur

fredag 20. september 2013

Redningar på Hessa

19.09 Torgeir inviterte til redningsøvingskveld på Hessa. Helge og eg var innkalt som støttekontaktar eller øvingsobjekt alt etter som ein ser det.

Naustrekka på Hessa er eit flott utgangspunkt for padling

Torgeir og Helge fortel meg om skulenausta til Hessa skule, og ungdomssatsinga der. Spennande og vellykka prosjekt som treff ungdommane. Dei har og eit svært godt samarbeid med redningsselskapet, og etablert ei RS UNG-gruppe her. HEIA HESSA!!

Eg fekk testa septemberrulling. Kom fint opp eit par gonger på godsida, men den gode rullekjensla er heilt vekke for tida. Dette var kvelden for øvingar, så vi sette i gang med badinga. 


video
Sjølv på flatt hav kan det komme nokre overraskingar


video
Kameratredning

Litt rust i starten, og på dei første kameratredningane brukte vi 2-3 minutt per redning. Med litt meir drilling, det vil seie omlag eit kvarters innsats, så gjennomførte vi kameratredningar ned mot 20 sekund. Tips: Ta ein gjennomgang med padlekompisane no, medan det framleis er litt varme i sjøen, så har de det i fingrane om nokon treng ei redning i vinter.  

Eigenredning var og eit tema. Vi testa cowboyredning. Eg har nok ein klar fordel med kajakk med lavt bakdekk og utan ror. Torgeir fekk og til cowboyredninga, men tykte sjølv det gjekk lang tid og var litt plundrete. Åreposeredning har eg aldri hatt dreisen på, men det kunne Torgeir. Det vil seie, når han fekk festa åerposen skikkeleg til åra.

video
Åreposeredning

Veldig kjekt med ein slik kveld, der ein kan teste, lære, forske og utveksle erfaringar. Det skal ikkje mange øvingane til før redningane går enormt mykje kjappare. 

Nukaen og meg (foto: Torgeir)

Eg satsar på meir padling og skøy med Hessagjengen - no veit eg jo at dei er 100% prosent i stand til å redde meg effektivt.

Luksus å padle rett inn i støa etterpå. Naustet her er base for "Torgeirs originale kultur- og naturuteskole".

torsdag 12. september 2013

Blånebba (1320 moh)

Søndag 8. september. Indian summer. Varmt og fint. Siste turdag i Romsdalen. Vi slo til med eit utal variasjonar av Romsdalseggen. Eg vart med på Blånebba-gruppa. Her får ein maksimalt fin utsikt over Romsdalen. Heile Romsdalseggen har eg jo gått før.

Blånebba sett frå Vengjesdalssætra (380 moh) om morgonen. 

Inn dalen og opp på ryggen er "transport", og eg kom i grunn ikkje på å ta opp fotoapparatet. Det var så varmt i bakkane at eg nesten rann vekk. Deilig med ein bris i høgda. 

Oppe på kanten. Ryggen bortover mot toppen av Blånebba og Vengjetind bak.

Utsikta og opplevinga på kanten her er ein av mine absolutte favorittar. Frå ei heilt alminneleg ur som kunne vere kor som helst bikkar ein over kanten og får den beste utsikta ein kan tenke seg. Rått. 

Siluetten av Romsdalshorn

Oppsann. Trollveggen gitt. 

Teambilde! Kjekk gjeng å vere på tur med!

Oppover og ut Romsdalen

På toppen!
 
Frå alle fjell ser ein nye fjell... Juratind freistar i horisonten. På ønskelista.
 
Fotogene fjell og dramatisk natur. 

Beina og praten gjekk lett på turen ned. Det var skikkeleg sommarvarme. Nokre av oss unna oss eit bad i Venjedalsvatnet etterpå. Frisk men deileg!

Flott bursdagshelg med Kristin og gjengen i Romsdalen! Takk for turen!

tirsdag 10. september 2013

Mannen (1291 moh)

6-8. september inviterte Kristin til bursdagsfeiring i Romsdalen. Konseptet var tur, god mat og godt lag. Basen var Villa Vengjetind. Det var ein blid og fornøgd jubilant og gjeng som kosa seg med Romsdalsfjell og heimelaga kortreist mat.

Vermeldinga laurdag var sol og 20 grader, så det var ein litt hustrig gjeng som starta i faktisk ver som var duskregn og 10 grader på Trollstigen.
Start frå Trollstigen med Bispen bak. 

Flott innover dalen - ved Alnessteinen

Alnesdalen var flott, ganske flat og lang. 

Etterkvart såg vi "Mannen" som ein slags varde oppe på ryggen. Greit med målet i sikte.
Med turklede i alle variantar var vi eit fargerikt "fantefølgje" i fjellandskapet. Det vart berre varmare og finare utover dagen.  

Mykje stein, men og flotte haustfargar. Stigbotthornet.

På "Mannen" var det ei arbeidsbrakke og mykje installasjonar. 

    
"Mannen"

Det er skikkeleg "WOW-faktor" å komme opp på kanten. Her ser ein rett ned i Romsdalen, rett over på Romsdalshorn og bort mot Trollveggen. Luftig på kanten, toppa med spenninga om at ein står på ein gravitativ deformasjon. Intet mindre.

Nokre i bursdagsselskapet hadde teke med "sprudel" på toppen. Fin overrasking for jubilanten og ein flott måte å feire på. God idè og strålande gjennomføring! Det var skikkeleg stas då Siri smelte av korken utover Romsdalen....

"Jurasprudel" og sprek jubilant. 
(Juratind er altså ein anna kul fjelltopp i området, for dei som ikkje tok'an på første forsøk)

Det er så mykje snakk om desse tre F-ane når ein vert førti. I Kristin sitt tilfelle så står dei nok for Frisk Freidig Fjellfant. 

Utover Romsdalen

Romsdalsjump! (Foto: Kristin)

Breitinden (1797 moh) nærast

Nokre gjekk om Breitinden og ned til Stigrøra tilbake. Eg vart med gjengen som gjekk Alnesdalen ut att. 
Kjempeflott tur som vart runda av med ein dukkert i friskt fjellvatn.


Takk for turen!