tirsdag 3. september 2013

Tussøya opp og rundt

1. september. Skikkelege turistar (til dømes meg) nøyer seg ikkje med blot. Er ein på ei ny øy bør den bestigast og helst cirkumnavigerast.

Morgonstund i Tåfjorden

Eg vil hit!! (Foto: Kristin)

Skaga på 302 moh er det høgaste punktet på Tussøya. Skodda kom og gjekk. Vi hadde vel litt uflaks på toppen der, men elles var det mykje fint å sjå på turen. 

Haustfargane i full gang

Vakre ospelauv. Ei halvtam rype som jogga i veg.

Jepp. Topptur! 

Skodda letta. Verda fekk fargar att. Villsauen let oss vere i fred. 

Septemberbad! Om mogleg endå meir forfriskande enn dagen før. 

Nokre av karane ville også padle rundt øya, og dei var greie nok til å vente på oss. Så utpå dagen sette vi kursen vest og nord.

Mot Sommarøya, Hillersøya og Senja bakerst

Litt meir sjø på yttersida. Håja

Rundt Veggneset (Foto: Kristin)

På sørsida av Tussøya låg det små strender på rekke og rad. Vi plukka ei med den utsikta her til lunsj.

Snipp snapp snute... Tilbake til start og farvel til fjella på Kvaløya


Heile runden var på ca 24 km. Mykje nye tips og triks når ein padlar med nye folk. Har diverse årejusteringar som skal testast ut heime og lærte mykje om månefasar, flo og fjære som eg ikkje hadde heilt kontroll på. Padling i lånt P&H Scorpio gjekk knallfint. Lånt åre var meir utfordrande. 


Takk for turen!

1 kommentar:

  1. Svarte så masse du har fått med deg Lene! Heilt fantastisk! Og kor nydelig det er der..... sukk....

    SvarSlett