torsdag 12. september 2013

Blånebba (1320 moh)

Søndag 8. september. Indian summer. Varmt og fint. Siste turdag i Romsdalen. Vi slo til med eit utal variasjonar av Romsdalseggen. Eg vart med på Blånebba-gruppa. Her får ein maksimalt fin utsikt over Romsdalen. Heile Romsdalseggen har eg jo gått før.

Blånebba sett frå Vengjesdalssætra (380 moh) om morgonen. 

Inn dalen og opp på ryggen er "transport", og eg kom i grunn ikkje på å ta opp fotoapparatet. Det var så varmt i bakkane at eg nesten rann vekk. Deilig med ein bris i høgda. 

Oppe på kanten. Ryggen bortover mot toppen av Blånebba og Vengjetind bak.

Utsikta og opplevinga på kanten her er ein av mine absolutte favorittar. Frå ei heilt alminneleg ur som kunne vere kor som helst bikkar ein over kanten og får den beste utsikta ein kan tenke seg. Rått. 

Siluetten av Romsdalshorn

Oppsann. Trollveggen gitt. 

Teambilde! Kjekk gjeng å vere på tur med!

Oppover og ut Romsdalen

På toppen!
 
Frå alle fjell ser ein nye fjell... Juratind freistar i horisonten. På ønskelista.
 
Fotogene fjell og dramatisk natur. 

Beina og praten gjekk lett på turen ned. Det var skikkeleg sommarvarme. Nokre av oss unna oss eit bad i Venjedalsvatnet etterpå. Frisk men deileg!

Flott bursdagshelg med Kristin og gjengen i Romsdalen! Takk for turen!

1 kommentar:

  1. Oi for ei utsikt!!! Heilt utrulig! Skjønner godt du liker deg der ja :-) ikkje fått gått romsdalsegga, men den er virkeoig på mi ønskeliste :))

    SvarSlett