onsdag 24. juli 2013

Trænstaven (338 moh)

Etter mykje om og men på førehand så fekk både Nina og eg booka guida tur til Trænstaven. Mykje kan seiast om informasjon og bookingsystem på nett, men rot var det. Ikkje kom vi oss med på same dag heller.
Det er dessutan ei viss motsetning mellom å vere på festival og booke seg med på ting som gjer at ein må stå opp klokka sju. #trøttitrynet

Sanna med Trænstaven til høgre sett frå Husøy

Sanna og Trænstaven er liksom det du legg merke til når du kjem til Husøy. Så det kribla litt. Skodda kom og for. Eg stod på kaia om morgonen med eit lite håp om det skulle lette. Det var surr og rot og misforståelsar om transporten og, men vi var heldigvis ein heil gjeng og kom oss etterkvart ut til start. Litt halvsure etter mykje (unødvendig) styr.  

Glimt av toppen #håpihengandesnøre

Ein av dei kjekke guidane frå Rana Spesialsport. Ein av dei som skal sørge for at eg er i live også om ettermiddagen. #beståverehyggjeleg

Guidane er noko av det beste eg har vore borti når det kjem til tur/aktivitetsguiding. (Og vi har vore på mange bra opplegg altså..) Norske, så det ikkje var språkproblem, hyggjelege, blide, tilstades, hjelpsomme utan å vere belærande og dei oste av tryggleik. Surr og rot var gløymt, ver og vind likeså og turen vart berre betre og bedre.

Og klyving vart det...

Eg tykte det var litt vanskeleg å finne feste eit par stader, så eg kan no godt øve litt meir på klyving. Sleipe fjellsko, lav tillit til feste og dårleg teknikk i herleg kombinasjon!
 Det var ein fin gjeng i taulaget, så triveleg var det no oppi der.

Litt spennande var det. Skodda dempa nok litt av høgdekjensla

På toppen!

Herleg! Lykke! Den augneblinken der det berre er kjekt å ha nådd toppen, og eg ikkje har begynte å tenke på at eg skal ned att. #magicmoment

Eg spanderar eit eige bilde av utsikta frå toppen. Bruk fantasien - sett inn heile Helgeland!
#månokkommeatteindagdetersol

Nedatt var faktisk ikkje så ille. Vi var sikra i tau i heile bratta.

#Luftigogfint

Nedom skodda var det fin utsikt mot Selvær. Verhardt padleparadis.

#nestennedattkomen!

Overlevde. Var høg i timesvis på kroppen sin eigen kjemikalieproduksjon. Knallfin tur trass noko avgrensa utsikt. Trænstaven - been there - done that! Det er ikkje alltid høgdemetrane det kjem an på. Stor topptur for meg dette.

Nina hadde forøvrig akkurat like mykje utsikt på turen dagen etter.

Guida tur på Trænstaven: Kontakt Rana Spesialsport. Guiding og opplegg ute på Sanna terningkast 6! Info og organisering på førehand kan forbetrast. Trænstaven er verdt prisen - sjølv på ein gråversdag.

1 kommentar: