onsdag 24. juli 2013

Trænafestivalen 2013

11.-14. juli. Båtskyss på Helgeland og ekstraruter til Trænafestivalen var ein stort puslespel som vi aldri heilt klarte å legge. Rein flaks at vi kom oss både tur/retur utan førehandstinging. Dårlege vermeldingar gjorde at vi sette att kajakkane i Sandnessjøen, og det angra vi ikkje på.

Magiske Træna!
Bildet ovanfor oppsummerer kjensla av Trænafestival som eg sitt att med no nokre veker etterpå.

Herleg kaos på kaia når hundrevis av festivalgjengarar kjem på ein gong. Dei lokale ungane tente gode pengar på å trille bagasjen opp til teltleiren, og vise oss billettkontora. Vi punga sjølvsagt gladeleg ut. Det er desse ungane som skal arrangere festival i framtida... 

Her ute vart vi alle "Havfolk". Konseptet er gjennomført, og velkomsten vart flagga frå alle stenger i bygda. Vi heldt oss omlag på polarsirkelen, ein god stad å vere.

Haugen på Husøy (97 moh)

Vi reiste ut onsdag og hadde rikeleg tid til å utforske Husøya før konsertane starta torsdag. Den namnlause toppen sør på øya var eit naturleg mål. Etter at vi hadde gjort ferdig vasstårnet, Petter Dass-kapellet, bygdemuseet, sentrum og elgen sjølvsagt.  
  
 


Elgen? Alle elgar som har svømt 16 km storhav med straum og dønning til Træna får si eiga statue. Førebels er det berre ein, men akk så elegant plassert.

Klyving litt til venstre her for å komme opp

Flott utsikt mot Sanna, Trænstaven (som var målet neste dag) og Kyrkhellaren (med Susanne Sundfør-konsert på laurdagen).

Klare for konsert!

For urøynde festivalgjengarar var det ein klar fordel med dårleg ver. Antrekk alle dagar: Ull, dun og regnklede, tilbehør hue og gummistøvlar. Funka perfekt. Vi fekk ein lapp med festivalprogrammet til å henge rundt halsen, og fylte pengar på eit eige cashlesskort. Då var vi godt hjelpne i dagesvis.  

Scena dei "Syv søstre" var i eit gigasametelt. Det var heilt greit av halvparten av konsertane var under tak

 
Hovedscena "Træna fyr" og festivalområdet

Inne på festivalområdet var det forskjellige bodar, barar og fleire scener. Her hang vi no rundt om kveldane då. På matfronten var tema gjennomgåande sjømat. Kvalwrap, fiskeburger, selbiff med blåmuggost osv. Vi somla oss ikkje til å bestille bord på restauranten som hadde ekslusiv meny med tre-rettar før det var fullt. På den andre sida så fekk vi med oss mesteparten av musikken. Eg hadde ikkje sett meg inn i programmet, og dei fleste banda var totalt ukjende for meg. Det vart mange positive overraskingar. Det var utruleg mykje bra musikk, og minst eit par band kvar dag som tok heilt av. 

Trænakaffi!
Kaffi med eit par sortar søt likør og ein skikkeleg dæsj sjokolade! Ca 4000 kcal per kopp...

Laurdag var det tur til Kyrkhellaren. Eg møtte Toril og Kari tidleg om morgonen og vi for ut til Sanna. Der gjekk vi gjennom tunellen i fjellet. Arrangørane hadde laga tablå, som det eigentleg ikkje (med vilje) var informert om. Så vi lurte litt då vi møtte dei første kvitkledde skikkelsane inne i mørkret. Opp gjennom i tunellen møtte vi fleire englar og alvar av ymse slag, som tilsaman fortalde segna frå området, om Sanna, Hestmannen og gode og onde krefter. Enkelt, vakkert og virkningsfullt! Ute i dagslys att vart det servert "sprudel", og så kunne vi gå vidare til natostasjonen på toppen.

Vi nyt max - uansett ver!
På toppen, som truleg har ei kanonfin utsikt over Helgeland.

I leider ned til hellaren. Rådet var å ikkje gå ned her fordi det var glatt.... og glatt var det.

Sanna sentrum. Og Trænas beste padleleirplass på stranda bak der og til høgre. Lokalisert til neste gong..

Kyrkhellaren!

Her har det vore folk samanhengande i over 3000 år. Grotta har vore brukt til gravplass, og arkeologane har i nyare tid gravd fram over 30 skjelett frå eine delen. Vi sette oss innerst, i le for regn og vind og stemninga var magisk.

10 meter bort til Susanne Sundfør. For ei jente. For ein artist! For eit konsertlokale!
Stor oppleving.

Konsekvensen av å sitte på første rad på konserten slo oss midt i fleisen. Dette er ein molo. Fargeklattane oppå moloen er folk. Og alle desse folka står framom oss i båtkø. Det var kuling, og i utgangspunktet under 10 grader.

Eg var skikkeleg heldig, som berre vart sylte forkjøla resten av ferien. Eg kunne ha dødd.

Det mest irriterande med heile greia var at det skein opp, og NO var det utsikt frå Trænstaven. Etter at vi hadde kjempa oss opp i ulike puljer to dagar på rad for å beundre tjukkskodda frå #midtinneieinplass 

Eit siste farvel med Trænstaven

Og farvel til Træna

Utruleg kjekt på festival. Veldig bra opplegg, alt det praktiske fungerte, folk var i humør, musikken var bra, maten var bra. Det er faktisk slik at det freistar å komme att ein gong. 

2 kommentarer:

  1. Såg kjekt ut :) ej å Cato fekk lyst opp neste år :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kan anbefalast! Trur dåkke hadde storkosa dåkke der oppe. :)

      Slett