mandag 22. juli 2013

Midnight Sun Experience 2013

Midnight Sun Experience (MSE) er eit padletreff på Sommarøya utanfor Tromsø. Padleentusiastane "Stormgjengen" står bak. Stormgjengen sitt motto er: Fjorden er brei nok for allePadling er bålkos, rå natur og sosialt! Det er vel forklaring god nok på kvifor vi køyrer 1700 km (ein veg) for å vere med på det.

Basen på plass - gangavstand til leirbålet (t.v.). Julitelting i boks!

Første kvelden - sosialt frå starten. Kajakkparken er imponerande. Sommarøya er kjempefin og det klør i padlefingrane.

Nina og eg melder oss på Offshoregruppa. Det betyr at vi brukar heile dagane på å ligge langt ute i havet og padle langt. Endå vi eigentleg er på jakt etter snirkling og kosepadling. Meir om turane med Offshoregruppa her:

Dag tre var det eit heilt anna opplegg. Padlegjengen vart delt i tilfeldige grupper. Gruppene fekk kart og starttid frå stranda. På stranda fekk vi beskjed om første post. Vi måtte samarbeide som gruppe, padle til ulike postar og gjere ulike oppgåver. På kvar post var det ein eller fleire personar som gav oss oppgåvene og stad for neste post. Alle oppgåvene var padlerelaterte og opplegget var kanonbra! Dette har eg lyst til å "stjele" med meg både til Sunnmøre og Askvoll. Kan lett gjennomførast noko liknande både i Ulsteinfjorden og Bulandet. Terningkast 6 for idè og gjennomføring! No skal eg ikkje avsløre alle oppgåvene, men vi var innom redning, tauing, fyring, navigering og søk. Og for ei trening i gruppedynamikk!

På jakt etter neste post...

Kart frå Kristin over rebusløypa. 
Vips hadde vi padla 9 km og Sommarøya rundt. Det var minst like fin padling her inne som på "offshoreturane"!

Etter rebusen var det demonstrasjon av redning med redningsskøyta inne i hamna:

Frivillig hopp i havet

Det var vist lurt å legge seg i lenke.

Redningsskøyta lurte deltakarane litt. Då dei var passeleg kalde og hadde strevd med lenkene ei stund, så råna skøyta rundt i hamna og laga skikkelege bølgjer og skum, før redninga. Det var ein kald gjeng i badestampen etterpå. Artig å sjå. Håpar aldri eg kjem i ein slik situasjon at eg må ligge i lenke på havet og håpe på at det kjem ein båt...

Det vart ein vri på ettermiddagsritualet med badestamp, BANKETT og deretter bålkos. I kuling. For å få med seg alt dette held det sjølvsagt ikkje å lese ein blogg eller to, då må ein vere med på leiken. Det som skjer i stampen vert i stampen...

Crewet!
Ein herleg gjeng som brukar masse fritid på å lage eit supert padlearrangement!

Kvelden inne vart runda av med heder, ære og skryt i store porsonar. Trine Lise Olsen heldt tale så tårane spratt og lattermusklane rauk. Randi Skaug fortalde om Sakteruta.
Så ut til meir bål, gode samtalar og litt vemodig stemning: Er det slutt allereie?

Eg var litt for treig i avtrekket til å verte med på midtnattspadlinga, men tok den frå land i staden. Det vart ei skikkeleg Midnight Sun Experience ein av kveldane:

Somarnatt i nord

Sommarøya og Håja bak

00.15. Midtnattsol og Håja


 Kjekke folk, og flott natur. Eg har lyst oppatt for å få med meg fleire treff. Alle i Stormgjengen har jo skrytt av kvalpadlinga i vinter, så kanskje vi må satse på ei kvalpadlehelg? Det er verdt å "gå over bekken etter vatn" innimellom. Det einaste minuset med Troms er at det er litt for langt unna. Elles er det heilt på høgde med S&F og M&R.

Farvel, Sommarøya!
Vi er på ferja til Senja og snart klar for nye ferieeventyr....

2 kommentarer:

  1. Fantastisk artig å lese bloggen din om årets MSE, Lene! Og ja; kvalsafari blir det nok, bare knølene kommer på besøk igjen :-) Vi padles!

    SvarSlett