søndag 21. juli 2013

Håja - den høge øya

Første dag (4. juli) på Midnight Sun Experience (MSE) og vi vaknar til dette:
Sommarøya frå godsida!

Nina klar på vatnet.

Vi vart "dressert" på ASKR i 2011 og er på plass i god tid. Rett nok ikkje meir dressert enn at vi er på "Offshoregruppa".

Anita med stø kurs mot målet: Håja (486 moh).

Håja er ei klippeøy på yttersida (vest for Kvaløya).

På Håja var det fastbuande, fiskebruk og raudrevoppdrett i tidlegare tider. No er øya freda som landskapsvernområde, og kanskje mest kjent for å vere modell.

..og her er kopien. Ikkje dårleg til å vere ein kopi.
(Bilde frå dagen før i Tromsø - Ishavskatedralen)

Kjekt å padle med ein stor gjeng til ei forandring. Perfekte forhold og flatt hav.

Det vart reine intervjurunden utover. Kven er du, og kvar kjem de i frå? Det viste seg å vere ein aldeles herleg gjeng med forskjellege folk på turen.

Folk i flokk, lundefugl i flokk, flott landskap. Det var ikkje så lenge før vi runda Håja og la oss inn ei vik på austsida.

Lunsjidyll på Håja

Eg måtte ta eit grusomt val. Enten gå på toppen eller padle rundt øya. Elle melle. Det vart toppen. Hårfint.

Kristin og Nina på veg opp bakkane. Sommarøya bak.
  
Utsikt innover mot Kvaløya

TOPPEN!

Utsikta nordover. Der låg det og ei øy ute i havet og freista: Sørfugløya (heilt til venstre bak). Spørs om eg må nordover med kajakk att...

Det var ein veldig flott tur opp på Håja og utsikta var fantastisk. Andøya som ein skugge i sør, bak Senja sine blånande, kvasse tindar. Havet i vest (Grønland?) og Kvaløya i aust. Det hadde stilna heilt, og flatt hav vart havblikk då vi skulle heimover.

Fornøgd gjeng! Foto: Kristin B. Friis

Eg symjer for livet.....

Lundefugl på alle kantar. Dei er fantastisk fine!

Lang kryssing på ope hav gjekk veldig greit.

Nina og Anita mot Kvaløya

Eg speglar meg og..  Foto: Kristin B. Friis

Det vart ein kjempedag på sjøen med Offshoregruppa. Tilbake på Sommarøya vart det bading, badestamp og grilling.

NESTEN 10 grader i vatnet og kjempevarmt...

God stemning rundt leirbålet. Ferien er skikkeleg i gang. Nord-Norge-forelskelsen er på.
Midnight Sun Experience 2013 er allereie ein suksess.

Kart frå Kristin B Friis: 28 km padling, 3,5 km gåing med 486 høgdemeter kvar veg. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar