mandag 13. mai 2013

Søndagspadling på Vigra

Padlesesongen er i gang når det begynner å verte varmt i tørrdrakta, og vi fer på tur utan anna mål og meining enn leik og moro. Kenneth har klart å rive av akillesen og går med ortrose (monsterskinne) så det låg i korta at vi skulle ta det litt roleg. Vergudane meinte tydelegvis det same, så det var vindstille og minimalt med dønning. Nøye testing forrige helg hadde bevist at det var greit å komme seg ut av kajakken med skinna på, så då var det berre å dure på.

Jason scullar

Blimsanden såg ut som syden. Sandbotnen gjev knall turkis sjø på grunna mot blått hav lenger ute. Dei grøne bøane på Vigra bølga seg mot snødekte Sunnmørsfjell lenger inne. Vakkert.

Gutane har prioritert bassengtrening i vinter, og det var lett å sjå. Dei hadde blitt kjempeflinke til rulling, sculling og teknikk, og det såg ut som kajakkane var ein integrert del av kroppen. Det er lenge sidan vi har padla i lag, så artig å sjå så bra utvikling så tydeleg. Og endå er vi litt rustne i starten av sommarsesongen. Neste vinter SKAL eg prioritere hardare og vere meir i bassenget ser eg.. 

Stake nr 1

Det var lite kraft i sjøen, så her måtte ein leike seg med den rørsla som var. Det var vanskeleg å finne mønster i bølgjene på grunnene, dei braut meir rundt enn rett på. God trening likevel, og ein fin sesongstart!

Kenneth gjer maks ut av forholda

Nokon har mindre respekt for stein enn andre, og eit større forbruk av gelcoat og KeelEasy..

Første økta vart brukt på strekninga Blimsanden - Synnes tur retur med lunsj på stranda. Praktisk når nokon treng krykker for å humpe på land. Lisbeth og ungane var på krabbefisketur, så då vart det ein kjekk felles rast. Ungane vassa barbeint medan vi såg ut som romvesen med ull, tørrdrakt og hette.. Etter lunsj for vi ut andre vegen og ein liten runde. Floa var på det høgaste og sjøen roleg, så det vart meir tur enn surf denne dagen.

Tur!

Det er fantastisk å ha dette området som "heimebane" ca 10 minutt unna med bil.
Vi padla vel ca 13 km med mange innlagde surf og øvingsstopp. Eg rulla 5 gonger på rad med glans på godsida. Klar framgong frå i fjor! Snart klar for å ta fatt på "vrangsida". Jason rulla vel ca 50 gonger på begge sider i alle variantar. Det forklarar vel litt når det gjeld skilnad i lærekurva og ;) 

Dagens ord:
Internasjonal - engelsk - norsk
Gelcoat - The Sacrificial Layer -Offerlaget

1 kommentar:

  1. Du får si ifra om du skal opp å trene teknikk en annen dag. Så river jeg meg med! :)

    Herlige bilder! :))

    SvarSlett