fredag 10. mai 2013

Mai-telting i Herøy

Mai er ei herleg tid. Lyse kveldar og ein haug med raude dagar på kalenderen. Nokre stikkord for onsdagen: Grytidleg opp for å finne telt/og padleutstyr i eit halvoppakka flyttelass, full dag på jobb, stresse avgarde for å rekke ferja, det er faktisk 20 - TJUE-grader ute, oppsann er det SÅÅÅÅ lang kø her??, ikkje komme med den ferja som ein faktisk rakk med god margin, kompensere venting med årets første softis, møte med HKK-gjengen om padlesamling og SÅ ENDELEG:

Framleis 20 grader - padling mot solnedgangen og Herøy gard

Museumsstyrar og guide på Herøy gard stod tilfeldigvis på kaia og losa oss til bra teltplass på nordsida. Det er flott tilrettelagt for telting midt inne på øya. Passar bra, sidan Sygni driv "faktisk forskning" på teltturtur og pakking for tida, og eg er i innspurten av telt-prosjektet.


Eggebøneset m.m by night. Litt mørkt etter midtnatt er det framleis.

Grilling og middag på eit svaberg. Sommarskumring. Drøs og prat. Ingen kjente alle, men alle kjente nokon. Det er kjekt å fare på tur med nye folk, dei har andre vanar (og nokre lure triks eg kan plukke med meg) og nye historier. Men det er litt slitsomt og, for ein må jo skjerpe seg litt. Det har eg vel berre godt av. Karane imponerte med grilling av biff, heimøl og heimelaga kake. Vi kvinnfolka køyrde meir minimalistisk med nokre brødskiver og Real.. (Note to self: La alltid karane få ordne med maten..)

Morgonstund på Herøya

Det regna på teltet. Vi hadde ikkje avtalt noko tidspunkt for frukost eller avreise og det var deileg å ligge og dra seg litt..


Basecamp. Kult med masse telt.

Sygni er estetikar og litt oppteken av at ting "matchar" - og no har ho pinadø turkjøkkensett i LILLA og!

Kreativ løysing på "har faktisk berre våte neoprensko"-problem
Pakkpose på 4 liter er ein perfekt str 38 innersokk i følge Ragnhild.

 
Mot Eggebøneset - by day

Endeleg på sjøen! 

Debatt rundt ruteval og leia og slikt høyrer med. Men når leia er tom og havet er flatt så er det liksom ikkje heilt krise uansett. Vi sendte litt medkjensle til Oslofjordpadlarane og Ragnhild fortalte om sommarpadletur langs svenskekysten. Og vips var vi ute ved Flåvær. 

Den gamle handelsstaden på Flåvær

På sjøbua var det fullt av folk i gong med våropprydding og vi vart invitert inn for å kikke. Det var skikkeleg spennade. Bua er gedigen, og eigd kollektivt av 10 søskenbarn. Vi fekk høyre om utfordringar og moglegheiter av 3.- og 4. generasjonas buaeigarar. Sjøbuda kan leigast til selskap, har langbord i 1. og 2 etasje og museum i tredje. Her var det post, butikk, telefonsentral, bank. Mellommetasjen vart kalla "Pinebenken". Fiskarar og andre sjøfarande låg her og venta på bør og overnatta på ubestemt tid for å komme seg rundt Stad'en i gamle dagar.   

Resten av Flåvær (med hus på) og Skorpa (bakerst) sett frå bualoftet

Flåvær fyr. Sist vi var her såg vi tydeleg skadane etter "Dagmar". Kjekt å sjå at reperasjon og vedlikehald er godt i gang. Gangbrua ut til fyret var og sett i stand att.

Vi gjekk i land på holmen innanfor fyret på nordaustsida for lunsj og beinstrekk

Ærfugl

Det var mykje fugl; ærfugl, måse, gås og andre sjøfuglar som var litt vanskeleg å identifisere (utan linser). Nise såg vi og fleire gonger på turen, sjølv om det truleg var dei same dyra. 
Idar tykte ikkje det var kjekt når gåsa letta og flaug unna - Eg kjenner meg nesten som ein kriminell som forstyrrar dei, seier han. Vi var ikkje i nærleiken av noko grønne strekar eller freda område denne dagen.

Farvel Flåvær

Alle bytta årer med kvarandre i løpet av turen. Det å teste ulike lengder og blad i praksis gjev nokre a-ha opplevingar. Eit langvarig byttelån og minst eit kjøp vart avtalt undervegs.

Havblikk innover att. Spegling i sjøen. ikkje ein vindpust.

Dobbel Ragnhild

Tilbake ved brygga vart det rulle. Ragnhild rulla. Ei rulle på meg. Med grønnlandsåre. Kom meg greit opp sjølv om teknikken var så som så. Sigve hoppa i det og gjorde sitt første rulleforsøk i iskald vårsjø med våtdrakt! God bevegelse på kajakken, vippa den heilt opp og kom seg nesten heilt fint opp sjølv. Ein kveld i litt varmare sjø og han har nok rulla inne.

Takk for turen! :)

Turen vart totalt 15 km

Eg avslutta dagen hos Tor Inge. Dyrt, men veldig kjekt der og. Som vanleg når eg har vore på Flåvær bomma eg på ferja og vart ståande på Hareid i 59,5 min. Godt gjort når ferja går ein gong i timen.

6 kommentarer:

  1. Dette så kjekt ut ;ø)
    Flotte bilder og for en herlig natur dere har.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje heilt campRulleRolf endå, men vi lærer.. ;)

      Slett
  2. Kjempe fint Lene :) Ser ut som dokke har det kjekt ilag på sånne turer, og ingenting er bedre enn å kombinere hobby og fellesskap og nye bekjentskap ;)
    Veldig fint skrevet!

    SvarSlett
  3. Herlige bilder. Det var nesten snev av sommer noen dager, gleder oss til mye mer av det der fremover. Dere er utrolig flinke å komme dere ut på tur enten det er til havs eller fjells. Spreke og sporten damer, inspirerende!! :D

    Flott natur. Ha ei herlig, ny uke!
    Eli Kristin

    SvarSlett
  4. Så fine bilder og herlig natur :-)

    SvarSlett