fredag 31. mai 2013

Cyclotourismo Catalonia - del 1

Turen var booka i vinter, med opplegg fra Oliven reiser. Avreisedagen 19. mai kom likevel brått på og litt fortumla skulle vi bygdisane brått navigere frå terminal til terminal og buss, tog og stasjonsbytter i Barcelona. Klokka 23.00 var alle på plass i rett by (Girona), på rett hotell (4 stjerner) og feriekjensla fekk sette seg.


Mujeres de cicloturismo!
Ivrige og forventningsfulle ved start. Henting, bringing og info frå trivelege folk frå http://www.cicloturisme.com/ (som heldigvis snakka veldig bra engelsk)

Første vegkryss. Navigering. Kvar er nord? Kva meiner dei med dette?

I "Utlandet" er til og med vegspeglar kult og eksotisk!
Hola chicas!

Rykk tilbake til middelalderen...

Vi sykla frå middelalderlandsby til middelalderlandsby. Jammen har dei vore flinke til å ta vare på byane sine i Katalonia. Den eine meir sjarmerande enn den andre.

Her hadde det vore Sunnfjordingar før oss...

Med jamne mellomrom stogga vi for påfyll. Kaffi, cava, is, lunsj, osv. Nokre syntes påfyllinga var alt for sjeldan og andre syntes det var alt for ofte, så truleg var det akkurat passeleg.

Etter å ha sykla gjennom ein stor industriby med ca 50 rundkøyringar, og ein time på øydelagt sti i ein tett skog var vi veldig godt nøgde med å komme fram til hotell nummer to, og denne utsikta frå rommet.

Calella de Parafrugell. Hotell med boblebad. Berre sier det.

Dag 2 - pause nr 1. Llafranc

Etter ca 2 km kom vi til ei flott strand i ein sjarmerande fiskarlandsby. Det var sol, varmt, vi var på ferie, og hadde full kontroll på syklar og kart sjølv. Deileg å ta ei lang pause og sole seg AKKURAT når vi vil det sjølv. Konseptet sykkelferie passar meg perfekt!

Valmueenger i fleng. Brelett-sangen på hjernen. Lalallallallalalala osv.

Sykling på "dirt road" mot Pals.
Middelalderbyen Pals låg på ei høgde og vi hadde sykla med den i horisonten heile dag 1. Vi gledde oss til å komme dit og trødde på! Mykje fin sykling på grusvegar i landbruksområda.


Inni Pals, bokstavleg talt.
Bymurar frå 400-talet, gotiske kvartal og romanske tårn frå påfølgjande århundrer. Og passeleg turistifisert, slik at det gjekk an å få seg ein god lunsj og verdas beste mojito.

Herleg å vere sykkelturist i Katalonia!

Utover dagen vart det mindre middelalder og meir landbruk. Velaug burde nesten fått betalt denne dagen. Det var spennande å sjå alt dei dyrka i dette området.

Fruktgard.
Eg såg mykje mandarin-, clementin- og pæreplantasjar, og ein haug med frukttre som eg ikkje hadde peiling på kva kunne være.

Innimellom sykla vi gjennom idylliske skogholt med oliventre og mandeltre (og sikkert ein haug med andre uidentifiserte treslag og).

Overalt var det kornåkrar; mais, bygg, havre, kveite. Dagens (landbruks)høgdepunkt var likevel då vi kom hit:

Rismark!

Vi var nesten heilt sikre på at dagsetappa skulle ende ved foten av fjellet. På toppen låg det ei borg. For å komme dit så måtte vi sykle gjennom våronn i rismarkbeltet. Det vil seie kontrollert flom.

Meir eller mindre traktorvegar skilte dei ulike parsellane

Eldgamle traktorar (Ford 2000) stod og køyrde pumper som førte vatn frå kanalar inn på rismarkene.

Mellom rismarkene var det ein sinnrikt system av kanalar og små høgdeskilnader. Nokre stader var det kraner og ventilar som stengde, andre stader var det samanballa gjødselsekkar som vart nytta som damstengsel. Fura, alvorlege menn plaska rundt i med gummistøvlar langs kantane og diskuterte med leirklumpar i nevane. Dei løfta ikkje på eit augnebryn av norske damer på sykkel.

Rismarksystem.

Skikkeleg kult å sykle i rismarkene.

Området her var i tillegg til rismarker verna som våtmarksområde og eit verdifullt fugleområde. Fleire brikker falt på plass, mellom anna kvifor paella er "nasjonalrett" her.

Endå fleire brikker fell på plass: Elva Ter som fraktar vatn frå isbrear i Pyreneane 2400 moh til dei grøderike områda og rismarkene her.

No var vi framme i Torroella de Montgri etter ein lang og innhaldsrik dag. Nok ein gong vart vi overraska over hotellet; Muli del Mig. Det viste seg å vere ei ombygd mølle (kveitemjøl) som var innreia 100% gjennomført moderne og minimalistisk med gjennomgåande fokus på økologi. Vi køyrde ei slapp økt i hagen før vi sykla inn til byen på sightseeing og lada opp til det som skulle vise seg å verte ein svært god middag på hotellet.

Luksus på Moli del Mig

Dei to første dagane:
Sykling dag 1: 50 km, effektiv sykkeltid 4 timar
Sykling dag 2: 41 km, effektiv sykkeltid 3 timar og 10 min
 

1 kommentar:

  1. Thank you so much for this post! Nice pictures and nice comments! We love to know your feedback and see that you had such good days visiting Girona surroundings. Cycling to these medieval villages is one of the best ways to getting to know them.
    We'd love to see you again! Kind regards to all of you :)

    Cicloturisme team, Girona.

    SvarSlett