mandag 8. april 2013

Hospitant på aktivitetsleiarkurs

Helga 6.-7 april var eg hospitant på aktivitetsleiarkurs med Herøy Kajakk Klubb på Flø. Dette har vore den finaste vinteren på lenge, men akkurat denne laurdagen starta med stiv kuling og snøfall. Mental styrke måtte til for å komme seg ut av dyna i otta klar for "badeaktivitetar" på Flø. Dette vart to lærerike og interessante dagar. Slik innputt gjev både ettertanke og motivasjon til ny læring. Teknikk og redningsøvingar er "ferskvare" og treng jamleg øving. Eg har no mange punkt på lista til praktisering utover sommaren. Det å vere "medvitslaus" i sjøen gav eit ypperleg høve til å teste nedkjøling, padleklede og vinterpåkledning i ei trygg ramme. 

Eg prøvar ikkje eingong å formidle kursinnhaldet. Slike kurs må ein berre delta på. NB: Bilda fra start og slutt illustrerar veret, og ikkje kursaktivitetane. 

Hospitering kan eg anbefale. I padling skal det noko til å verte utlært. Takk til kursgjengen for ei innhaldsrik helg, og til Lidun som har plass til hospitantar på kurs!

Dag 1: Snøbygene letta og vinden løya. Ut på sjøen. Kaldt, men lærerikt.

Dag 2: Meir freistande å legge utpå.

Siste del dag 2: Tilsynelatande vakkert og harmonisk på Flø, men fullt kok av inntrykk og erfaringar i hovuda på folk  

3 kommentarer:

  1. Å eg e så utruuuuleg glad for at det ikkje var eg som skulle ligge der i kaldvatn og vente på å bli fiska opp av dei derre treige kursdeltakarane altså......Brrrrrr. Men du klarte deg fint då - og det må jo vere litt kjekt å vere til nytte og? ;)

    Fine bildet vart det og!

    SvarSlett
  2. Brrrr... såg innmari kaldt ut! Fint ja, men kajakk og isvatn, kjenne eg hutrer her eg sitt. Trur eg skal vente litt til før eg skal prøve kajakk, litt meir varme takk :))

    SvarSlett
  3. Hørtes kaldt ut, men kjempe flotte bilder :-)

    SvarSlett