torsdag 4. april 2013

Den vakraste skituren i manns minne

Askvollpåske! Inger-Berit, Nina og eg har snakka om skitur til Blegja i ulike samanhengar i årevis. No rotta vi oss saman....  ..med ein heil gjeng frå Askvoll.

Blegja (1304 moh, kvit bakerst) frå Løvika. Eg måtte ta ein stopp og fotografere på veg til Askvoll. Spent og full av forventning. Vert det denne gongen?

Skituppene klar for tur inst i Solheimsdalen. 
Lisjehesten, Heilevangstaurane og Blegja heilt bakerst.
Lang tur på Langfredag. Slik må det vere.  

GLISet satt frå første stavtak. Det var varmt i sola. Ikkje eit vindpust. Snøen var kvit, himmelen blå og Lisjehesten kneisa majestetisk der framme. Herleg å vere på tur med kjentfolk. Mange eg ikkje har sett på lenge. God stemning. Applaus for Edvin som viser veg og brukar påskedagar på fellesturar!   

Første glimtet av Storehesten.

Storehesten og Kvamsskaret. Dei svarte prikkane er påsketuristane på veg opp kneika. Dette var den brattaste bakken på turen. Eg var så oppteken av Storehesten, utsikta, sola som verkeleg steika, at brått var vi toppen av skaret. Det var ikkje så gale som det såg ut som.

Inger-Berit i storslag!

Firarbanden på heia. Nokre smøre/fellestopp måtte til. Framleis ikkje eit vindpust.

På Sunnfjords tak! Storehesten bak. Vi kjende fregnene poppa ut. Herleg å gå i berre skjorta oppover.

Nokre gjekk fortare enn oss, og andre hadde stått opp tidlegare. Vi møtte folk på veg ned som fortalde at dei hadde snudd før toppen. Ein isete egg freista lite. Ei dame i 30-åra hadde sklidd der dagen før, og måtte hentast med helikopter for å komme seg derifrå. Eg har mykje ugjort i livet, og har ikkje SÅ lyst på ein helikoptertur. Dei andre i følgjet var heldigvis einige med meg. Så målet vart revidert til Heilevangfjellet...

Så langt kom vi. Toppen av Blegja med varden, 2,5 km unna og 100 høgdemeter til. Men ikkje i dag.
Heilevangfjellet på ca 1200 moh var meir enn godt nok. Turen i seg sjølv var fantastisk!


Topp stemning! Topp tur!

Høg på livet. Heile denne dagen kjende eg på det. Eg trur dette er den aller finaste skituren eg har vore på nokon gang. Ikkje eit vindpust heile dagen. Det gjorde absolutt ingen ting at vi ikkje kom heilt dit vi hadde tenkt. Det var berre ein fantastisk dag å vere ute på tur på. Kjekkare damer i turfølgjet må ein leite lenge etter! Det er ekstra stor stas å vere med Inger-Berit på tur - det er lenge mellom kvar gong vi får det til!
 Flott utsikt heile vegen rundt, her mot øyane i Flora (eit av padleparadisa).

Medan vi satt på toppen vart det ettermiddag. Sola laga gull i havet.  

Solund i det fjerne (venstre), Atløynipa markert bak til høgre, Heileberget i midten. 

Fellene er AV. Er vi no klare for 12 km nedoverbakkar?

I starten var det hardt underlag med 5 cm pudder på. Gneistrande fint føre. God kontroll. Artig!   

Førdefjorden og Naustdal

Ved Kvamsskaret begynte det å fryse på. I sjølve skaret gjekk vi ned på beina. Deretter var det på med fellar for å gå den einaste mota på heimvegen.
Storehesten i solnedgang. Langt bedre enn elg.

Det er berre ei ulempe med å nyte solnedgangen høgt oppe i fjellet. Det vert nemleg mørkt ikkje så lenge etter solnedgang. Vi dura ned gjennom dalane i blåtimen og stumpa oss inn på tunet i Solheimsdalen i tussmørket. (Lyktene låg i sekken, altså...)  

FOR ein dag. No veit vi vegen, og kanskje det vert fleire turar? Då vi kom tilbake i Askvoll stod Fredrik klar med pinnekjøt og akevitt. Perfekt avslutning på ein perfekt dag!

Kart med ei grov innteikna rute.

Turen Solheimsdalen - Heilevangfjellet t/r var totalt 26 km lang, med ca 900 høgdemeter kvar veg (eigentleg litt meir, pga litt opp og ned). Der vi stoppa ligg på omlag akkurat 1200 moh.
Om vi skal prøve oss på Blegja att skal vi starte frå Solheimsdalen 8.30.

7 kommentarer:

  1. Fy flate for en flott tur, nydelige bilder. Skjønner egentlig ikke hva jeg gjør på Østlandet.....

    SvarSlett
    Svar
    1. Te å vere austlending tykkjer eg du er flink til å gjere det beste ut av det.. ;) Det er flott her når veret er fint, men vi har dei grå vintrane og då, innimellom.

      Slett
  2. Så flott tur og fine bilder da :) Bra å se at ikke jeg er den eneste som kjører felletrikset nedover også ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Aaaaaaa, motbakke siste biten tilbake altså, ikke nedover. Hm.

      Slett
    2. Av og på med feller heile turen ja, og ein skikkeleg motbakke på heimveg og. Felletrikset kan vere greit, men på noko føre luggar det noko voldsomt.

      Slett
  3. Litt pinglete naking-bilde ;) men ellers var dei, og de, fine...

    SvarSlett
  4. Dåke e tøffe!!Må ha vert ein knallfin tur,nydelige bilde av solnedgangen :))

    SvarSlett