torsdag 21. februar 2013

Holmedalsfjella rundt i blinde

20. februar. Første lufting av randonee-skia i år med Leif i Holmedalsfjella. Frå vassverket, opp lia og mot Bakkefjellet. Der ligg det jo framleis ei trimbok..

Vinterskog mot Dokka.

Leif vurderer kjapp retrett til bygda - og drøymer om 1/2 meter pudder..

Bakkefjellet! (10 poeng, 630 moh)

Fin utsikt fra Bakkefjellet. Dalsfjorden og Flekkefjorden.

Dagens teambilde!

Leif hadde planar om å gå vidare. Eg hadde eit håp om ny førstebestigning og var lett å overtale. Etter litt snirkling stod eg for første gong på Blåfjell (704 moh).

YEAH! Nytt fjell!

Det var ein fin dag, heilt vindstille og hard snø med 2 cm laust på toppen. Det var klårt og fint med god utsikt. MEN. Det var eit MEN. Lyset var slik at alle kontrastar og konturar forsvann. Skikkeleg blindeføre. Frå Blåfjell og vidare innover Medheiane var det uråd å sjå noko som helst. Kvar ei lita dump kom som eit stort sjokk. Interessant, men litt slitsomt.

Det er eit herleg terreng for skigåing når ein kjem seg litt opp i Holmedalsfjella. Her oppe kunne ein godt hatt fjellski. Ekstra artig å gå i lag med nokon som er lommekjent i området frå jakt, sauesanking og turar både sommar og vinter. Eg kjenner sommarstiane her, men det har vore lite skiturar på meg.

Vi kryssa Langevatnet med kurs mot Hekkelfjell. Etter litt vurdering for vi nordover og følgde sommarstien langs Hjartevatnet og Siklabergvatnet. Det vart rundt Hekkelfjell i staden for over. Like greit.

Rundt Hekkelfjell. Blåfjell til høgre.

Nedkøyringa gjekk bedre enn frykta. Det var eit fantastisk fint føre på fjellet. Hadde vi berre hatt bedre lys. Nede i skogen vart det kramt og kjempeskummelt. Skia skaut fart og grov seg ned i djupe spor på same tid.
Siste biten på traktorvegen valgte eg minste motstands veg og luffa ned med skia på ryggen.

I løpet av turen såg vi spor etter mår, røyskatt, hjort og diverse smågnagarar. Og sjølgsagt etter ivrige fjelltrimmarar som hadde gått til fots både med og utan truger.

Turen vart  ca 12 km

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar