mandag 28. januar 2013

Trippel med skeiser

Laurdag 26. januar for Trude og eg innover til Engesetdalen med skeiser og termos. For begge var det første gong med "turskeising". Etter ein del om, men og sightseeing så fann vi det perfekte utgangspunkt ved Akslevollvatnet. Grusveg frå Brauta og bomveg siste biten.

Trude på vatn nr 1 - Akslevollvatnet

Kanonforhold, med 30-40 cm tjukk blank is på vatna og sol. På Akslevollvatnet hadde vi vinden i ryggen og susa avgarde utan å bruke ein kalori.

Innløpsosen i Akslevollvatnet

Sjølv med ein lang kuldeperiode og tjukk is på vatna var dei små bekkane mellom vatna og osane opne. Det var heldigvis greit å sjå kva som var botnfrose og kva som var ope i elva. Eit stykke på skeiser gjekk bra, men så måtte vi over på føtene.

Vatn nr 2 - Mevatnet

Det vart berre finare og finare dess lenger opp i dalen vi kom. Rein påskestemning under lunsjen ved vatn 2 og sola varma verkeleg!

Påskestemning! Skeiser i solveggen.

Skeiseturistane!

Starten på vatn nr 3 - Svartløkvatnet

Svartløkvatnet (Foto: Trude)

Svartløkvatnet var det desidert største vatnet, og her var det og finast is. Det var kjempekjekt å cruise over vatn etter vatn. Midt på her kan ein ta ein piruett i tre kommunar: Skodje, Ørskog og Vestnes. Vi sklei i alle fall glatt gjennom alle tre kommunane om det var noko dårleg med piruettar.

"Posing". Midt ute i vatnet var det ein stor stein gitt! (Foto: Trude)

Leiking på heimveg

Utpå dagen var det akkurat som skjedde noko med isen og den vart kjempeglatt. Sikkert som følge av sola og "varme". Vi måtte leike oss litt og Trude imponerte med piruettar på bandyskeiser!

Returen over Akslevollvatnet rett inn i solnedgangen

Dette vart ein fantastisk dag! Området kan absolutt anbefalast til skeiseturar! Osane er tydelege, grunne og det er korte strekk mellom vatna (alle gåstrekk mindre enn 1 km). Sidan det er grunt i osane betyr det at ein berre vert våt og iskald, men  ikkje druknar, ved eventuell feilberekning.

Det var fleire som leika seg med ATV på vatna og variasjoanr av bål, hockeykøller, fisking, akebrett, sparkar og hundar. Små og store, unge og gamle. Det er tydeleg at mange sett pris på denne type vinter. Eg er eigentleg berre passeleg begeistra for motorisert friluftsliv, men når eg ser ungane som er med på tur storkose seg, og at det kanskje er ATVen til pappan som gjer at det vert tur på dei, så er det kanskje verdt det? 

Kart over området

Turen vart 14 km totalt sett med ca 1 km til fots og resten på skeiser. Den desidert lengste skeiseturen eg har hatt! Måtte av og på med sko 4 gonger, og det var kanskje det som var mest slitsomt med heile turen.
Vi hadde med stavar, men dei brukte eg eigentleg ikkje til anna enn bekkevandringa.

7 kommentarer:

  1. Artig tur! :-D og noen veldig fine bilder. Er dessverre ikkje noken habil skøytegåer, men det er artig å prøve og leike seg. All honnør for 8-tallet ;)

    SvarSlett
  2. Fantastisk!! Dokke e så flinke til å komme dokke på tur!!

    SvarSlett
    Svar
    1. .. og heldige som har helse og anledning.. :) Ser fram til nye sprell med deg og etterkvart.

      Slett
  3. Så fantastisk flott!! Må ha vert ein kjempetur. No e det regn og vind her,så sikkert slutt på isen for denne gangen,men moro så lenge det varde :))

    SvarSlett
  4. Utrolig stilig turkonsept- vanleg i Sverige der sjøen frys, men ikkje her. Litt kult at dokke fann fram til eit egna skøyteturområde. Fine bilder!

    SvarSlett
    Svar
    1. Legg området i bakhovudet til neste periode med skøytesesong. Dei to første vatna er så små at du lett kan få med ungane på tur over. ;)

      Slett
  5. Det har jammen vært flottedager!!! Herlig tur dere har skøyta:))

    SvarSlett