onsdag 30. januar 2013

Hessa rundt

Søndag 27. januar vart det vinterpadling. Målet var Hessa rundt (ny runde for meg), premierepadling av Valley Gemini (første gang på sjøen), test av ny BS Shuna og å skaffe oss litt meir erfaring med vinterpadling. Vermeldingane var litt usikre med mogleg byger og aukande vind utover dagen, så runden vart strategisk lagt opp med tanke på minst mogleg motvind.

Grått i Ålebyen i januar

Grått i Breisundet men med store attraksjonar på lur

Thrillerstemning med skoddedottar på Hareidlandet, dis rundt øyane i Herøy og landskap i gråtonar. To ørner som var kjempenær oss, og som verken var redd eller spesielt irritert over å verte uroa. Hurtigruta på veg inn. Alt dette kan identifiserast som små svarte prikkar på bildet ovanfor.

Det var akkurat nok rørsle i sjøen til at alle bilda frå turen vart skikkeleg uskarpe.

Det vart ein lang prat om vinterpadling og tryggleik. Ein av medlemmane i turpadlelaget mista livet under padling her i desember. Så trist og tragisk. Hendinga har gjeve grunnlag for mykje tankespinn, ettertanke og refleksjon. 

Taretrålar

Vi fekk og oppleve ein taretrålar under arbeid. Slikt har ikkje eg sett på nært hald før, så det var artig. Det såg rimeleg heftig ut, med krenging og brumming, då taren skulle ombord.

Tueneset

Lunsj og kaffi på Tueneset. Test av medbrakt ved og kaffikoking. Det tek litt ekstra tid med bål, men det er eigentleg ikkje så mykje styr. Koseleg med flammar og litt ekstra varme. No har eg ikkje eit einaste turplagg som ikkje stinkar røyk. Etter mange år utan noko særleg fyring på tur har eg vorte "¨bålfrelst" att.  

Mot byen og Brosundet. Alltid stas å padle sjølvaste Ålesundet.
Og nokon må no ta på seg oppgåva med å skaffe turistane på hurtigruta skikkeleg fotomotiv...

Aspøy skule. Kjempekul. Det er den gule ja.

Jason rullar!
Om bildet ikkje er heilt skarpt så sat i alle fall januarrullene til Jason som eit skot.
Ut i frå det gjennomgåande breie gliset på turen var Valley Gemini godkjent på alle punkt.

Eg drøyde det til vi var tilbake på Nørve att. Men då testa eg eigenredning. Heilt rundt, med berre det eg padla i, ikkje noko ekstra hette og styr. Kaldt, men overkommeleg. Det er veldig greit å ha kjent på det. Med fjellue og berre hender i muffene. Testen vart avslutta med at eg gravde fram mobilen frå dagsluka og "ringte ein venn". Eg skulle kanskje hatt det som ein vane å ha mobilen i vesten, men det gjekk overraskande greit å få opp luka med nybada fingrar. Jason testa og eigenredning og konkluderte med at det "går jo himla mykje kjappare med rulla då".

Det var eigentleg mindre "vinter" enn eg hadde forventa. Med +3 grader i lufta og ca + 6 i sjøen er eit lag ull meir enn i sommarhalvåret det som skal til. + ullhals både innanpå og utanpå tørrdrakta. Jason testa neoprenhanskar med ein slags neoprenovertrekksvott inni. Idar hadde ullvottar med vindvottar utanpå. Eg hadde berre hender i muffer. Alle var godt nøgde med eigne val. Fleire vegar til Rom med andre ord.

Hessa rundt

Turen vart 17 km med både litt medvind og motvind.

4 kommentarer:

  1. Hei Lene. Flott blogg og fine bilder. Hva gjør en tare tråler? Regner med at den tar opp tare men hva brukes det til?

    SvarSlett
    Svar
    1. Tor Inge har svart godt på kva alginat brukast til nedanfor. Då eg var lita var det mykje konflikt med taretrålarane og det har vorte utvikla eit forvaltningssystem dei siste åra. Vestlandskysten er delt inn i soner med trålbare og ikkje trålbare område. Dei trålbare områda kan maks trålast kvart 5 år og det er ein maks prosent av arealet i kvar trålbar sone som kan takast opp. Konflikten gjekk på øydelegging av gyte og oppvekstområder, samt erosjonsproblem når for stor del av tareskogen vert teken vekk.

      På Sørlandet snakkar dei om sukkertaredød - men dette er truleg nytt til endringar i havtemperatur.

      Skikkeleg spennande no er satsinga på oppdrett av tare. Dette kan verte ei ny stor kystnæring på sikt fordi vi har skjerma kyst og veldig reint sjøvatn.
      http://www.bt.no/nyheter/okonomi/Tare-tar-av-2834910.html
      Det er og snakk om meir eksport til mat - type sushi type Japan.

      Slett
  2. Tare blir brukt til så mangt, som tilskott i dyrefor og utvinning av alginat. Alginat er eit tjukkningsmiddel som blir brukt i maling, farmasøytisk industri, parfyme industri hovedsaklig til kremar. Men også matindustrien som for eksempel softis som held seg sammen av alginat. Min mor brukte å tjene seg gode penger i barndommen ved å sanke sammen stokktare etter stormer på Runde der ho vaks opp, dei leverte det inn til tareforedlingsfabrikken som låg på øya i gamle dager.

    SvarSlett
  3. Ser kjekt ut! :) men samtidig til ettertanke på d som skjedde i desember ja :( tenke på d sjølv siden eg skal prøve kajakk til våren for 1. gong. Syns dokke er flinke som tar sjøl-testing for å holde dokke klare.
    Selvfølgelig må turistane få et skikkelig motiv å ta blde av! Skulle no berre mangle ;) friske nordmenn som trosser vær og vind, dokke får ta dokke betalt neste gong!

    SvarSlett