mandag 17. desember 2012

Høg på Sunnmøre!

- eller korleis bestige Klovetinden (949 moh) 3. søndag i advent. Idar ville vise fram sine heimlege fjell og eg ville på tur. Vinn, vinn. Så då var det berre å stille i Barstadvika ved soloppgang eller deromkring.

 
Dagens mål (Klovetinden) rett over hovudet mitt

Langs hovudvegen er det bratt og dystert frå Festøya til Ørsta. Inne i Erdalen opnar det seg store vide dalar og majestetiske tindar dukkar opp på alle kantar. Eg vart overraska og litt overvelda. Vi gjekk innover og oppover med kurs mot Klovetinden. Veldig greit å gå innover dalen. Litt høgdemeter må bekjempast før siste sjarmøretappa mot toppen.

Utsikta frå Klovetind mot Hareidlandet og Godøya

Utsikta herifrå er formidabel. Havet, Godøya og i nord ligg Ålebyen og Haramstoppane på rad og rekke. Kremen av Sunnmørstoppar brettar seg ut i heile horisonten frå aust til vest. Jønshornet, Randers topp, Kolåstind. Den eine rankare enn den andre bortover.
 
Kolåstind

Sola braut gjennom akkurat då vi nådde toppen. Eg kjenner gliset går HEILT rundt. Slike  augneblikk er eg totalt hekta og "høg" på Sunnmøre.
 
Middagshornet og Romedalstinden rett bak meg

Idar på heimveg med Jønshornet og Molladalen midt i mot.

Idar fortel om toppar og turruter. Det vert fleire turar i området her, det er heilt sikkert! Sol og solnedgang. Vinterlys. Desemberblått. Ingen andre å sjå i fjellet. Veit dei kva dei går glipp av?
 
Klovvatnet og Grøthornet

Etter å ha kryssa ein haug med frosne bekkar med hjartet i halsen om isen heldt var det no på tide å KNUSE isen på elva. Kaffivatn så klart. 
 
Bålkjele og ved var med. Dagen skal nytast i langdrag. Det er stilt og fint, og vi finn ein furulund. Bål på eit blunk, kjelen på kok og pølsepinnane klare. Drøs og bålkos. Idar har med heimelaga sjokolademarsipankonfekt. Perfekt til bålkaffien. Perfekt til dessert.
 

I varmen frå bålet er det godt å sitte utover desemberettermiddagen. Himmelen vert rosa og deretter blå. Ei ugle stikk innom og helser på. Vi rekk akkurat ned til bilen før det er stupmørkt.
 
I løpet av dagen har eg har smakt meg gjennom juleførebuingane i Barstadvika og kan stadfeste at lefser, spekemat, flatbrød og konfekt er i rute..og eg er veldig imponert!

8 kommentarer:

  1. Svar
    1. Har no lært eit og anna om skikkeleg bålkaffi heimafrå og ;)

      Slett
  2. Steike så flott tur! Og turrapport! Og stilig bålbilde, snedig vinkel. Eneste jeg synes det var generelt litt lite info om konfektmannen. ;)

    SvarSlett
  3. ..følg med i neste episode? ;)og det var 100 gonger betre tinderekkeutsikt på ordentleg enn det som kjem fram på bilda altså. Speilrefleks *sukk*

    SvarSlett
  4. Så kjekt å få sjå rapporen din frå denne fine turen! Det er berre ein veldig fin tur og du fekk tatt veldig fine bilde!

    SvarSlett
  5. Nei, veit dei kva dei går glipp av? Når det er så fantastisk flott å vere ute, er det rart det ikkje er meir folk i fjellet....:) Ser ut som eit fantastisk flott fjellområde - og flott turrapport frå deg! Ha ei fin jul! Kjekt å følgje bloggen din!

    SvarSlett
  6. Det øverste bildet var du rett knallsøt på!! :)) Joda du er det ellers også, men ekstra søt på det:)

    Ja man kan sannelig bli høy bare av å komme seg på hvilken som helst topp:)

    Riktig god jul Lene:)

    SvarSlett
  7. Slik ein nydeleg tur i dei flottaste fjella som finnast (kanskje litt ugild i dette høve). Hermed tingar eg bilete med utsikta over Breisundet og Hjørungneset i nedre kant, det flottaste utsynet som finnast (ugild atter ein gong ;)
    Helsing Tormod

    SvarSlett