torsdag 27. september 2012

Vestkapp!

Søndag 23. september. Sol og opptil fleire timar med dagslys att av dagen. Fer vi rett heim eller på sightseeing då? Turistbrillene på - Stadlandet here we come!

Kjerringar på Kjerringa

 Vestkapphuset var stengt med stormskade. Her var det 360 graders utsikt som imponerte sjølv blaserte vestlendingar. Litt kaldt, men veldig, veldig fint. Vi lot oss rive med og begynte å gå utover platået.

Sørover frå Kjerringa.
Stadlandet i gyldne haustfargar, Sildegapet, Vågsøy og Bremangerlandet bakerst.

På kanten! Vi gjekk heilt ned på tuppen.

Ei uhøgtidleg skipsteljing på Stad viste 3 stk fiskebåtar og eit stykkgodsskip fordelt på både sørgåande og nordgåande. Dette er så nær opptil det eg jobbar med for tida at eg nesten kunne skrive timar på det.

Trude

Nede i bakkane var det lunt, sola steika og det var berre så utruleg fint. Stor horisont, fjellheimen i aust. Vidde og hav. Søndagslykke!

Innover landet. Hornelen og Ålfotbreen. Lag på lag med Nordfjordnatur.

Vi tok for oss bygdene etter tur. Som grøne oasar i eit værbitt og hardt landskap. I kvar ein dal og vik har folk klora seg fast og skapt seg eit levebrød. Dramatikk og idyll hand i hand.

Indre Honningsvåg, sett frå ytre Honningsvåg. Lenger ut kjem ein ikkje med bil.

Årvika.
 Foten av Vestkapplatået reiser seg til venstre.

Ervika

No begynte vi på dei berømte sandstrendene. Fleire av bygdene har flotte strender med tung dønning som bryt innover nesten kvar dag heile året. Stad er rekna som eit surfeparadis.

Gravplassen i Ervika. Er dette den einaste gravplassen i Norge med skilt om at det ikkje er lov til å tørke våtdrakter på gjerdet?

Ervika er og kjent for forliset til hutigruteskipet DS «Sanct Svithun» under andre verdskrigen. Skipet vart bomba av allierte fly 30. september 1943, og gjekk ned. Bygdefolket medverka sterkt til berging av folk frå skipet. 78 vart berga medan 50 miste livet. Kyrkja vart sett opp til minne om både bergingsinnsatsen og dei som omkom. Gravplassen er mykje eldre, og skal ha vore nytta til å gravleggje omkomne sjøfolk frå mange land allereie frå midt på 1500-talet.

Søndagsmiddag! Real steinbitgryte med ein knivsodd sand.

Surfar

Det var god underhaldning til middagen å sjå på surfarane som var ute. For det meste berre låg dei der å duppa, nett som ein flokk alkar på sjøen. Litt action vart det innimellom, og nokre av dei var skikkeleg flinke. Bruset frå brenningen gjorde at Trude og eg  nesten måtte rope til kvarandre på berre ein meters avstand på stranda.

Eg trur eg passar betre til padling. Ut i frå dialektene til surfarane så var det ikkje mange lokale blant dei..

Siste etappe gjekk over Dragseidet. Korleis dei fann motivasjon til å dra store vikingskip over skaret her er meg eit mysterium. Dødsangst rundt Stad som einaste alternativ er vel ei mogleg forklaring. Det er eit spel på toppen annakvart år, og det har eg lyst til å få med meg i 2013. Vi køyrte trollstigesvingar opp og ned på veldig smal veg for å komme til siste mål for dagen: 

Hoddevika!

Hoddevika er spesiell og vakker. Eg har hatt lyst lenge å komme meg hit. Det var endå meir storslått i verkelegheita enn på bilde. Her ligg den flottaste og største sanstranda. Surfarar her og. Skal ha meg ein god prat med Magnhild ved høve og få endå meir "inside information" om liv og røre i bygda.

Solnedgang i Hoddevika

Full av inntrykk og opplevingar kopla vi frå turistmoduset. Då kom det på ein måte som eit sjokk (type kalddusj) at det var minst tre timar og ukurante ferjetider heimatt til Ålesund. Det er nett som vi gløymer tid og stad når vi rasar frå oss i ytre strøk. Kvar gong. Urk. Sliten og vil heim - NO! Inntrykka frå turen var så flotte at det likevel var verdt ein sein kveld. Har du moglegheit til å besøke Stadlandet i solskin - grip den!  

Kart Stadlandet ytre del - klikk på for større versjon

3 kommentarer:

  1. Kjempeflotte bilder! Litt misunneleg er eg jo. Kanhende skin sola neste gong eg er i nærleiken (for d må eg jo) og? Med haudet på rett plass vonaleg.....

    SvarSlett
  2. Denne helgen må jo gå inn i rekken som en av de bedre:))) Fantastisk:))

    SvarSlett