søndag 19. august 2012

Grottepadling på Runde

Jon Oli inviterte til ny Rundetur. Fredagskveld med perfekte meldingar og 9 stykk møtte etterkvart opp på Runde. Det var dammande stilt, ingen vind eller sjø, så var målet grottepadling.

Full av forventning padlar eg ut under Rundebrua, legg sivilisasjonen bak meg og startar på eventyret: Det var ein gang....

Rundebrua mot Nerlandsøya

Snirkling innimellom klippene

Små padlarar i stort landskap

Naturen er rå og storslegen. Eg får kjensla av å vere utanlands. Vi tek med oss alle godbitane på veg utover. Innimellom steinar og klipper, snirkling og oppdaging. Lydlause og små i eit stort og dramatisk landskap.

Fuglefjellet

Eg trudde vi var litt seine i høve sjøfuglen, og at fjellet var tomt. Det var difor ein ekstra bonus at det var yrande liv i havsulekolonien. Ein og anna skarv såg vi, og nokre måsar. Den obligatoriske ørna var også på plass. Det er veldig spesielt å padle under eit fuglefjell. Sjøfuglane har det generelt ikkje så bra, så vi er kanskje av siste generasjonane som får oppleve det på denne måten.  

 Full fart i havsulekolonien!

-Der er ei som sitt nede! Juhuu, bilde!, tenkte eg. I det eg knipsa såg eg at den store, rolege, stille fuglen låg ved sidan av ein daud unge. Kontrasten og naturen på godt og vondt kjentes i magen.

Foreldre og barn?

Eg var nesten metta av opplevingar FØR vi begynte med grottene.

Den turkise lagune

Utanfor nokre av grottene

Grotte 1: Her kunne vi padle langt innover, og det vart trangare og trangare. Grusstrand innerst. Det var mykje fjør og fleire daude fuglar som flaut, så det var litt ekkelt og ei småuhyggeleg stemning i grotta.

På veg ut av grotte 1, hovudlykter på veg inn.

Grotte 2. Litt mindre, smalare, reinare. Eigentleg var denne mykje trivelegare.

Stille og mørkt i grotta, lyst og full aktivitet i fuglefjellet utanfor. Det er ein kajakkpadlar i opningen, så det gjev ein peikepinn om dimensjonen....

Kveld ved Runde

Etter grottepadlinga så burde vi objektivt sett padle roleg heim før det vart mørkt. Det var alle einige om at var ein idiotisk tanke, så det gjorde vi ikkje. Vi for ut til fyret for kveldsmat og aktivitetsleiartips. Mildrid viste oss nokre triks for vanskelege ilandstigningar. Veldig bra. Alt vert litt meir klønete med hjelm. Greit å finne det ut før det er alvor. 

Runde er fyr nr 5 i kajakk på meg for sesongen.

Runde fyr frå vest

Litt dogging etter treninga, men her er i alle fall tunet. Fyrmeisterbustaden er no DNT-hytte.

Det vart sjølvsagt litt stress med å komme seg innatt og rekke ferja, men det gjekk. Vi toler litt stress! Takk til Herøygjengen for initiativtet og humøret! Det er alltid kjekt å komme ut og padle med dåkke! Eg trur varemerket er 100% menneskeleg - de har plass til mange og deler gjerne. Det vert sett pris på sjølv om vi rusar avgarde utan å seie "Ha det!" på skikkeleg vis.

Undervegs så snakka vi om at neste år må det verte overnattingstur. Hald på den tanken! Kunne og tenke meg ein geologileksjon og eit sjøfuglforedrag undervegs, så viss nokon padlarar der ute har spesialkompetanse så må de berre gje beskjed. 


Turen vart ca 13 km.

Her er det så mykje å sjå at ein må ha GOD TID!

4 kommentarer:

  1. Flotte grottebildene dine vart! Neste år vert d rundt?

    SvarSlett
  2. Hørtes ut som en herlig tur :)
    Å skikkelig spennende å padle grotter !

    SvarSlett
  3. Flotte bilder! Den turen må jeg satse på å få med meg nesten år. Har sett flere av bildene til Tor Inge og blitt rett sjøgrønn av misunnelse:)))

    :))

    SvarSlett