torsdag 16. august 2012

Ferieforlengarpadling på Synnes

Det er framleis lyse kveldar og varmt i veret. Sygni hadde invitert på padling med både kjente og nye padlefjes på lista.

På sjøen. Godøya bak.

Vi starta på Synnes med redning og rulling. Sygni mista eit lukelokk trass sikring. Ergeleg! Eg prøvde meg på rulla. I kveld med grønnlandsåre. Eg kom meg opp, men innser at eg har for dårleg sveip. Nukaen er lettrulla, og eg kjem lett opp om eg berre får hoftevrikken på plass og legg meg bak. Om eg bommar litt på vrikken så treng eg støtte i sveipet, som eg per akkurat då ikkje hadde. Meir øving må til.

Dette var ein slik kveld som gjer at kjensla av ferie og sommar varer lenger. Det var kjekt å vere på sjøen. Prate litt. Vi padla nokre kilometer, og begynte å kikke etter "Kaffiholmen". Som vanleg låg den der, akkurat då vi hadde bruk for den.  

Verdas finaste boks til å ha med verdas beste sjokoladekake på padletur.

Sygni hadde med kake og kaffi til oss. Kanongod idè å invitere på padlebursdagsselskap. 
Den lange rekka av kommande 29-årsdagar kan godt feirast på denne måten. Kvar gong.

Kos på Kaffiholmen

Sidan ikkje alle hadde padla i lag før måtte det bli eit teambilde.

VI TULLAR IKKJE! Ikkje tull med oss...

Erkna i solnedgangen

6 kvalitetskilometer. Kjekt å treffe nye folk. Ferieforlengarpadling er fint.



   

1 kommentar:

  1. Så kjekt det må vere å padle ilag ein heil gjeng med damer ;)) Har sett alle 3 blogginlegga frå denne turen,artig å sjå kor forskjellig ein tur formidlast :)

    God helg!

    SvarSlett