onsdag 18. juli 2012

Straumshornet (976 moh)

Denne veka har Trude og eg gledd oss til lenge - og planen er TUR! Veret var ikkje egna for dei aller høgaste toppane, så vi sette kursen for eit lenge ønska turmål i Sykkylven: Straumshornet.

Her er ruta som vi gjekk. Siste del mot toppen akkurat bak kanten.


Etter ca ein halv time gjennom skogen kom vi over tregrensa og gjekk på ein fin rygg oppover. Like under sjølve hornet tok vi lunsj. Vi fann ut at det var best å ete seg til mot.


Skal vi verkeleg opp dit?


Sjølve hornet

Stien var bratt men det var greit å gå.

Skiftande ver. Regnbogen fylte dalen. Ikkje kvar dag eg ser NED på den akkurat!

Trude på toppen med Dravlausnykjen bak

"Toppen kjem brått" - stod det i boka. - Kva meiner dei med det? lurte eg. Men det var nett det den gjorde. Det var både kortare og lettare opp enn vi hadde trudd. Vegen opp var grei, men sjølve toppen var luftig. Ikkje hoppebilde her.


Rett ned til Straumgjerde og Sykkylvsfjorden

Kreativt plassert turbok. Bak: Ikorneset til venstre og Aursneset  med ferja til Magerholmen til høgre.

Boka låg ikkje ved varden. Her hadde nokon hatt humoristisk sans. Boksen med boka (raud, rund) var lagt ca 50 meter lenger ut, og for å komme dit må ein til med (svært) luftig klyving. Faktisk så luftig at ingen av oss hadde lyst ut dit.

Trude og meg på toppen med Hammersettindane (taggane) og Urfjellet (lengst til høgre) bak.

I staden for å skrive i (den hersens) boka kosa vi oss med utsikta, utsikta til nye turar i fleng og resten av termosen.

Det låg masse store stein hulter i bulter på toppen. Fleire fine utsikthol. På den andre sida av steinen var det nemlig fleire hundre meter med ingenting.

Trude

Så var det berre å ta det litt roleg nedatt... God sti.


Straumshornet var ein kanontur!
Turen er skildra i turbøkene:
  • Turbok for Ålesund og omegn
  • Fotturar på Sunnmøre
  • Fjellhugboka - fotturar i Sykkylvsfjella


Eg har dessutan oppdaga instagram:

-Straumshornet-
Portrett av eit fjell - 1

-Vestlandssommar-
Ferja på veg til Magerholm og Straumshornet til høgre.


 Vi runda av dagen med biltur i heile Sykkylven vest, og sjekka ut alle kjente turutgangspunkt. 

6 kommentarer:

  1. Denne turen har jeg også tenkt på lenge ( ca 3 år) så kanskje jeg tar den snart! Ser så luftig og fantastisk ut!!

    Ikke hoppebilde altså:))) jeg skjønner helt sikkert hvorfor når jeg kommer dit. Blir nok en tur uten Nansen:))

    Flotte bilder som alltid:))

    SvarSlett
  2. hmmm... kor dumt at noen ikkje legger boka der den skulle da ...
    vi var også på leit etter ei bok på søndag - etter mange timer opp - men men ...'

    nydelige bilder og vi bor i eit flotte land

    grip dagen - monikaklemma

    SvarSlett
  3. Rart korleis vi vert hekta på desse turbøkene ja.. ;o) Jill: No er eg nesten sikker på at du kjem til å ta det perfekte hoppebildet på Straumshornet! Ikkje umogleg, berre litt utfordrande rett ved/frå varden. Har ein ide til evnt neste gong...

    SvarSlett
  4. Eg snoker i gammle turer og ser du har vært her 2 gonger! :)) Boka på Straumshornet er ikkje noke problem å nå. Ligg luftig til ja, men visst du hadde gått ned til høgre når du ser mot boka, så går der en sti bort til boka ;) ikkje luftig sti. Eg har vært der!

    SvarSlett
  5. Så flott at du snokar litt! Vert nok fleire turar til Sykkylven. Luftig er eit definisjonsspørsmål. ;) Denne dagen var det sleipt og glatt og ingen av oss hadde det minste lyst bort til boka etter å ha prøvde oss eit stykke der til høgre og sklidd litt rundt.

    SvarSlett
  6. Denne turen står høyt på lista mi

    SvarSlett