torsdag 19. juli 2012

Hellesylt - Geiranger

Onsdag vakna eg til grått og regn. Frå dyna ringte eg Trude.  -Tinderangling utgår? Brainstorming på kva anna vi kunne finne på. Fjellsko vart bytta ut med tørrdrakt. Herøy kajakk klubb var på veg til Hellesylt, og det var snart vi også. Eg er generelt ikkje så gira på fjordpadling, men er alltid klar for tur med desse folka. Knakande kjekke altså!

Nuka'en og eg er klar til å erobre verdsarvfjorden

Geirangerfjorden - fantastisk klisje eller oppskrytt fjordarm?

Sjølv eg må innrømme at det var veldig fint innover fjorden. Det er ein heilt fantastisk og spesiell natur her. Som padlar er det tre ting som held deg i aktivitet innover fjorden. Sjå/ta bilde av: Store passasjerskip, fråflytta gardsbruk og fossefall. Lat oss starte med gardsbruka:

Tore i fint driv forbi Matvika

Tor Inge på veg til Syltavika og lunsjing

Sidan vi hadde med oss fleire lokalkjente så fekk vi litt info om dei ulike gardane. For alle andre vil eit søk på "Storfjordens venner" vere ein fordel.

Store passasjerskip:

Trude og hurtigruta. Trur det var best stemning ombord i kajakken.

Dobbelskip vs dobbelkajakk. Liv Ingunn og Astrid padla i takt heile dagen, og var eit velsmurt maskineri.

Dei omlag 50 andre bilda eg har av ulike skipspasseringar kan synast fram til spesielt interesserte. Merkeleg kor mykje meir interessant det var å ta bilde av dei PÅ fjorden enn å sjå etterpå? 

Over til: Fossefall

"De syv søstre"
Mange slags turistar var ute etter å sjå på dei fine fossane langs fjorden.


"De syv søstre", Trude og Tore.

 Sjølv med godvilje kom eg ikkje til meir enn 6 søstre i dag, men det finst våtare dagar, så tvilen får komme fossefallet til gode.


"Friaren"

Rett ovanfor søstrene står den forsmådde friaren som slo seg på flaska. Flaska kan du tydeleg sjå i fossen. Du trur kanskje at dette er ein liten fillebekk?

Små padlarar i stort landskap

Mildrid og Trygve i dobbelkajakk. Snart berre sjarmøretappa inn til Geiranger. Som eg vil PADLE SJØLV!!! (jf. Trygve)

Frå fossefall til forfall:

Jon Oli ved tagginga.

Då vi nærma oss Geiranger var det som om vi mista litt av roen. -Når går ferja, padla på.. Fjellveggane var tagga ned, det lukta dieselrøyk og småbåtane med påhengs laga leven. Kvelar turistane den naturen dei eigentleg er her for å sjå?

Geiranger sentrum.
Kven er det som er ute av proposjonar? Turistane eller turistmjølkarane?

Bakerst innerst ligg den originale naustrekka. Heldigvis.

Vårt bidrag til galskapen: Tørrdrakt-kajakk-kortesje i sentrum.

Takk for følgjet og ein flott tur!
Fjord1 gjorde returtransporten av folk og kajakkar til ei enkel sak.

Her gjekk turen og vi padla ca 22 km
(klikk på kartet for større utgåve)

6 kommentarer:

  1. Herlig! Det er helt magisk å padle så nært fossene ( som forsvarlig er ) en urolig flott tur jeg gleder meg til å ta igjen:)))

    Flotte bilder og dere var jammen heldig med været:)))

    SvarSlett
  2. Takk for turen. Flott beskrivelse Lene :-)

    SvarSlett
  3. kor koselige bilder ;)

    og nesten midt i dette paradiset bor heldige meg ;)

    monikaklemmma

    SvarSlett
  4. Flotte bilder, men en litt bitter undertone i innlegget ødelegger litt av fortellingen ;-)

    Ikke glad i hverken fjordpadling eller turister skjønner jeg he he..

    SvarSlett
  5. Fossane er kule ja! Vi er vel på sett og vis heldige ALLE som har dette som dagsturområdet vårt, sjølv om nokon (Monika) har kortare veg enn andre! Jørn: Vil vel få fram at det er fleire sider av glansbildet. Turistar vil vi ha, men kva slags turistar, kvar, og kva vil vi vise dei? Ingen fasit på det. Viss ikkje Norge har ein landbrukspolitikk som gjev beitedyr så har vi ikkje noko kulturlandskap å selje om 30 år. Kvifor kan vi ikkje bruke nokre hundretusen på skuleskyss og skyssbåtar i distrikstnorge, slik at folk faktisk kan bu der, når vi kan bruke 100 millionar i cruisebåtkai i den same fjorden? Eg har mange spørmål, men fordi eg er nyfiken på kvar vi går som samfunn, ikkje bitter. Vi får den framtida vi fortener og som vi sjølv har lagt til rette for. DET skjønte dei, folket på gardane langs Storfjorden, som plasserte husa med omhu og tok vare på kvar ein flekk med god jord. Det som EG tykkjer er kult med Geirangerfjorden er kontrastane i kultur og historie i fortid/notid, meir enn naturen i seg sjølv (jadda, vekkskjemt vestlending, eg veit). Eg har sjølv jobba i turistnæringa i bygda eit par somrar, og det er rett og slett fasinerande, på så utruleg mange nivå!

    SvarSlett
  6. Hm, har ikke tenkt på at det går an å bare padle den ene veien. Det var jo smart! Flott tur!

    SvarSlett