onsdag 11. juli 2012

Flåvær

Tirsdag 10. juli. EIN tur til før alle fer på sommarferie? To bilar med kurs for Herøy og Tor Inge, og 5 stk med fyr og ukjent farvatn i blikket. Vi vart litt distrahert på Ystute - for det hadde nett komme ei last med nye kajakkar til butikken. Lekre saker, og freistingane låg i lufta.

Flåvær var målet og Trude fekk prøve Nuka (utan skeg). Vi padla oss ut mellom moderne fiskebåtar og verdas største lakseslakteri på Eggesbøneset (Det står rett nok Norges største på Marine Harvest sine heimesider).

Tor Inge fortel om lakseslakteriet

Ein triveleg julikveld med 10 grader, nordavind og lågt skydekke. Utan skeg var det utfordrande nok å halde retninga på kajakken med vinden på skrått bakfrå. 

Vestlandssommarpadling!

Manglar ikkje på dramatikk sjølv om utsikta var noko redusert. Flåvær i horisonten.

Flåvær handelsstad

Vi kryssa til søraustenden av Flåvær og padla langs holmane nordvestover til fyret. Flåvær fyr ligg ytst på tuppen. Det ser idyllisk ut på avstand, og litt meir forfallent ut på kloss hald. "Dagmar" har herja både med gangbrua og fyrbygget. Det er eit paradoks at Norge hadde råd til å vedlikehalde fyrbygga sine i 1912, men ikkje i 2012... Kystkultur og vedlikehald er eit aktuelt tema.


Fyr nummer fire for sesongen - Flåvær!

Trude på vestsida av fyret

Vi padla rundt og gjekk i land på Warholmen. Tor Inge og familien har eit velstelt triveleg hus her ute. Ingrid sette på kaffi og resten gjekk ut til fyret.

Flåvær fyr frå "landsida"

Det viste seg at Ingrid hadde gjort meir enn å sette på kaffi. Vi kom tilbake til reker, varm loff, og pådekt bord. Veldig koseleg og overraskande. Praten gjekk og det var kjekt å vere på tur. Padlehistorier og familiehistorier gjekk i kvarandre, og ingen såg på klokka.

Det var skymt når vi la i veg innover. Kauking og latter, særleg då "skotten" dukka opp. Det store spørsmålet vart; kva har eigentleg ein skotte under spruttrekket?

Flåvær-skotten

Eg har no erobra fyr nummer 4 og turen var på omlag 11 km. Det freistar med fleire turar til Herøy. Tusen takk til Ingrid og Tor Inge for turen og gjestfriheita på Warholmen!

Flåvær - kart

Ein liten strek i rekninga var det at vi mista alt som var av ferjer, og måtte vente til 2.30 på Hareid. Generelt så kan eg seie at det ikkje er nokon grunn til å legge inn venting på ferjekaia på Hareid mellom 0.45-2.30. Det er relativt lite som skjer der då. Så det var ein trøtt gjeng som kom til Ålebyen midt på natta. Det var likevel så utruleg deileg å berre somle, legge klokka tilside og nyte sommarkvelden at det går eigentleg ikkje an å klage på ventinga heller..

2 kommentarer:

  1. Ha ha han der flåværskotten var det noe kjent med:)))

    En flott tur igjen:))) Ser du har fyrdilla som meg:)) Fyr er bare en fantastisk ting!!

    Padlest...engang håper jeg:))) Fin sommer til deg Lene:))

    SvarSlett
  2. Takk for inspirasjon Lene! Denne turen skal jeg ta med madammen på. :) Flere som "samler" på fyr ser jeg.

    SvarSlett