torsdag 21. juni 2012

Rullepoeng til Nukaen

Onsdag 20. juni. Teknikkøkt på Emblem med Sygni. Vi var skjønt einige om at no måtte vi slutte med denne hersens turpadlinga, og få oss ei skikkeleg treningsøkt. Det var på høg tid.

Tre lag med ull under tørrdrakta, og vi var klare! Herleg med sommar og lyse kveldar altså!

Sygni starta med å sette ei perfekt rulle etter bassengtreninga i vinter. Eg var nervøs, og hadde ikkje kontroll på ein flekk. Første forsøk på rulle i Nuken. Eg har jo tenkt på korleis eg må gjere det i sikkert fleire hundre timar i vinter, men hjelp det?

Romvesen klar for rulling!

Rulla satt! På første forsøk! For ei herleg kjensle når det berre fungerte gang på gang. Nuken er skikkeleg lettrulla og eg brukar ingen krefter på å få den rundt. Så då vart det rulling med både grønnlandsåre og euroåre. Kjempekjekt! Vi trente litt på eskimoredning og høge støttetak i tillegg - greit å ha kontroll på plan B.

No skal det rullast (i alle fall prøvast) på kvar ein tur framover. Det kan vel og vere greit å klare å rulle til begge sider etterkvart...  Eg ser at eg framleis gjer det litt feil, hovudet kjem opp litt for fort, og sveipinga er høgst variabel. Finpuss må til! Nukaen rullar likevel, og fekk masse ekstrapoeng i dag. Det er rett og slett ein skikkeleg artig kajakk altså!

Hovmod står for fall, og heilt på slutten så prøvde eg meg på butterfly-varianten. Det var nemleg den eg var nærast til å få til i fjor...

video
Filmsnutt: Oppsummering rulleøkt

Publikum kom akkurat då vi hadde pause. Ikkje mindre enn to cruiseskip dura forbi. 

 Stor variasjon i farkostane på fjorden

Sygni med nyåra - turåre frå Epic

Vi runda av kvelden med ein bitteliten runde for å teste ut den nye åra til Sygni. Ho let vel både over åra og servicen hos Alfa fritid. Vi fekk med oss måseungar, terner, tjeld, ærfugl med kull og hegre på turen, så det var ei flott avrunding på ei kjekk økt! Med tre lag ull var det greit med bading i ca 1,5 time. Under 10 grader både i sjøen og lufta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar