lørdag 28. april 2012

Rull og tull på Blimsanden

Padlelanghelg med Askvollbesøk! Eg hadde gleda meg i vekesvis og ALT var "klappet og klart" som det heiter. Laurdagen (28.04) stod vi opp til sterk kuling (19 m/s) og sludd oppover vindauga. Det einaste vi skulle gjere i løpet av dagen var padling og grilling..

Tekstmeldinga tikka inn: HAR de sett veret? HAR de tenkt ut å padle i dag? Er det padlejunkies from h... eller normale folk du har på besøk?

Sidan vi truleg høyrer heime i kategorien normale vart det ein roleg start på dagen, diverse kaffikoppar og diverse måltid før plan B: RULL OG TULL på Blimsanden. Vinden hadde roa seg seg til ca 10 m/s, frå nordvest og rett inn på stranda og det var fine brytande bølgjer.

Blimsanden - magisk sandstrand som skapt for kajakkar!

Her er eg på veg ut. Den største utfordringa var å komme seg laus frå sanden. Det var tungt å komme seg ut i motvind og bølgjer. Innatt kom eg meg fort, på eine eller andre måten.

Litt uvant? Kor tid er det flot her då?

Kenneth er på heimebane og har full kontroll

Etter 1,5 time sentrifugering var det tid for pause. Forbausande blid gjeng med tanke på at Norskehavet har hersa med dei ei stund. Vi var nok meir ute av kajakkane enn oppi..

 Nina i fint driv

Kenneth i bra posisjon

Kjell i farta

Artig, slitsomt, lærerikt. Vi velta både på veg ut og inn. Støttetak til alle kantar. Det var ikkje så lett å berekne bølgjene og surfen. Sand overalt. Alle, absolutt alle musklar i heile kroppen har vore i bruk etter ei slik økt.

Samling i botnen! Her demonstrerar eg ein av dei litt mindre praktiske måtane å komme seg til land på.

På oppmoding er no alle tekstane lagt under bilda. Likar du det slik? Legg att ein kommentar då vel!

3 kommentarer:

  1. Å kor lyst eg har til å prøve...

    Mo ikasmil
    Ps...flotte bilder

    SvarSlett
  2. Dette ser fantastisk morsomt ut :-)
    Savner en slik dag :-/

    SvarSlett
  3. Knallflott sandstrand, kjempegod trening, både for kroppen og det å mestre bølgjer, kald sjø og valne fingrar, men moro likevel! Flotte bilder med teksten på rett plass ;-)

    SvarSlett