lørdag 12. mai 2012

Høgefjellet (689 moh)

Ny dag - ny fjelltrimtopp! Motivasjonen datt litt når det regna om morgonen, så eg skunda meg å sende ut melding til damene: "Vi skal på Høgefjellet, vi veit vegen, og dessutan har vi kart og kompass. Ta med mat." 7 år sidan sist, så det med "veit vegen" var meir som eit skot i blinde. Tanken var klar; om vi rota oss vekk, så skulle vi no i alle fall ikkje svelte ihjel.
På tur! Kjekt med Askvolldamer på Askvolltur igjen! Opphaldsver til og med. 

Frå Rørvika er det ein utruleg fin sti opp til stølane. På eit par bratte plassar er det montert wire. 

Det vart berre EI sluddbyge, og etterkvart fekk vi fin utsikt til Førdefjorden.

Vinterleg landskap på siste ryggen innover

HOPPEBILDE!! Pasienten med ribbeinsbrest vart tvinga til fotografering.. Kanonfint på toppen! Iskald nordavind, men vi let oss ikkje stoppe av det. Innskriving i boka, fotografering og fliring til naglebeten tok oss. 

Nina ned snøen. Lettare og kjekkare med snø ned enn opp. I svaberga her er det og festa ein wire. Det er ikkje så mange andre andre plassar å komme seg opp på ryggen. 

Sola varma i bakkane, og Connie fann stien som ein innfødt indianar. Lunsj i eit solglimt på toppen og rast i eit solglimt ved stølen. Herleg tur! Herleg dag! Fantastisk ver! (Takk og lov for korttidsminne). 

Høgefjellet. Eigentleg meir langt enn høgt?

Ved stølane er det best å gå til høgre (øvre sti) på veg opp. Nedatt spelar det ikkje så stor rolle. Vi hadde oss ein fin runde i alle fall.

Interessant korleis vi har lagra ruta langt bak i hukommelsen. Sjølv om det var 7 år sidan sist så hugsa vi jammen stien etterkvart som vi begynte å gå. Kart og kompass vart liggande nederst i sekken heile turen.

NO har eg eig godt håp om å klare runden i fjelltrimmen i Askvoll i år - 3 av 5 er i boks. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar