lørdag 25. februar 2012

Veirahaldet (1206 moh)

Den som ventar på noko godt...... Etter lang lunsj og gjennomlesing av 2008 og 2009 -årgangane av "Fri Flyt" og "UTE" i varmestova på Ørsta Skisenter letta skodda bittelitt! Vi var snare i snuen og sette avgarde. No blir det tur!!

Første bakken gjekk med skitrekk (lettvint ja!), men resten måtte vi labbe sjølv. Her går vi opp "Nottane" - neste skitrekk som var stengt. Greit å halde seg til landemerke til vi var heilt sikre på at skodda letta skikkeleg.

Det dukka opp magiske toppar på alle kantar - her er det Skårasalen som viser seg fram.

Trekket "Nottane" og Snøhornet

I fint driv i bakkane...
Foto: Trude

Eg var full av respekt etter rasinspeksjonen tidlegare på dag. Her oppe var det eit anna føre; hard skare under ca 15 cm pudder. Eit par minusgrader i snøen og nesten vindstille. På sjølve fjellet hang det skavlar på kantane. Eg kjente det kribla litt i magen sjølv om vi held god avstand. Vi gjekk i spora til ein lokal fyr som etterkvart kom susande nedover. Han var lokalkjent og det var no litt betryggande. Dagens motto: Følg rygg, vær trygg!   

Trude på toppen! Vi fann ikkje noko toppvarde, men kva gjer vel det når det er sol? Vi lista oss litt nedover att til trygg grunn før vi tok av fellene.

Eg hadde gledd meg til å vise Trude kor knakande god eg hadde blitt i nedoverbakkane etter skihelga i Sunnfjord. Rart med det, det er ikkje heilt det same på fjellet som i bakken. Det tok vel ikkje HEILT av , og eg vert litt feigare når det er "alvor". Svingar vart det - og forholda var supre. 
4 stk erobra Veirahaldet denne dagen - og eit sett av svingar er MINE!

På veg ned - Trude ligg litt framom. Her ser du litt av skavlane langs kanten.

Snipp snapp snute - men slik ser det altså ut - Veirahaldet (1206 m.o.h)

Vi runda av dagen med kaffibesøk på Standalhytta. Utruleg fin hytte med flotte og rasfarlege fjell på alle kantar. Finger'n rett bak hytta. Det vert nok fleire turar hit etterkvart. 

Andre har vore på Veirahaldet før oss, til og med nokon med  hjelmkamera.
Her er link til ein utruleg bra skivideo som viser akkurat korleis det var å renne nedover. I alle fall nesten. Det er mogleg at eg brukte bittelitt meir enn 8 minutt, men det er detaljer i den store samanhengen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar