lørdag 3. mars 2012

Padling i Smelværet

Laurdag og flott padlevær med vårkjensle i lufta. Vi for frå Staveneset og padla mot Smelværet. Eg har vore rundt på utsida før, så denne gongen for vi inn mellom øyane og bort til tunet.

Smelvær framom og Kinn bak

Eit lite rundskue frå "høgste humpen" i Smelværet. Mykje vind, så kommentarane var no heilt vekk-kasta.
Mange kjekke "padle - i - mellom" -moglegheiter i Smelværet på flo sjø. I dag måtte vi ut att same vegen som vi kom, og delvis nytte den litt lite effektive padleteknikken staking.

Mette og fornøgde med kurs for Heggøy. Fin dag for padling. Fin plass for padling. 

Mot Tviberg og Alden. Lyset i havet er flott, og eg vert aldri lei av å vere her.

Vaulen på Heggøy kan stort sett padlast. Av ein eller anna grunn er vi skikkeleg gode på å komme hit akkurat på fjære sjø..

I dag testa eg ny padlehjelm og lånekajakk frå Askvoll padleklubb. Skuggen på hjelmen var genial mot sollys, og eg er glad for at eg har min eigen glasfiberkajakk. Avocet`en dug den og, men litt tungt og tregt vert det.


På fjorden møtte vi ein kjent figur frå Stongfjorden.

Arild hadde hatt fiskelykke og donerte småpale til oss. Ikkje kvar dag vi har fersk fisk i lukene.

Turen vart 13 km 

3 kommentarer:

  1. Doke er spreke, håper fisken smakte;)

    SvarSlett
  2. Det er visst for seint på kvelden, jeg hadde kommet langt ned i innlegget før jeg skjønte at tekstene hørte til bildet under, ikke over... Og dermed hvorfor jeg ikke skjønte så mye av dem i forhold til bildet...

    Fin tur dere har hatt, da! Fint med kartillustrasjon.

    SvarSlett
  3. Arild: Sprekare skal det bli..;o)
    Miamaria: Der har du eit poeng, eg er nok kanskje ikkje konsekvent med tekst over eller under bilda - kjem vel an på om ein les tekst eller ser på bilda først. Kva er best?

    SvarSlett