søndag 18. desember 2011

Rulletrening!

Siste laurdag i advent let vi julestria klare seg sjølv og for på rall til Fosnavågen. Siste sjanse for rulletrening i bassenget med Herøy Kajakk Klubb i år.

Sunn galskap ein sur desemberkveld på badeland! Sygni og Trude.

Fritidsbadet var kjempefint, og betre skal det vist bli. Heia Herøy kommune! Mildrid og Jan hadde mange gode råd, og ein stor porsjon tryggheit og tolmod. Litt balanseøvingar og kontakt med bakdekk, og deretter et er det berre å rulle seg rundt.

Første del av rulla var vi ganske gode på. Det er når ein heng der opp ned at alle proposjonar kludrar seg til. Halde styr på kropp, åre, kajakk, overflate og hoftevrikk på ein gong er jammen ikkje berre enkelt.
Jaha. Kva gjer eg no?

MEN SÅ KNEKTE EG KODEN!!

Kan stadfeste at eg har rulla, opptil fleire gonger, heilt på eiga hand. I både TM Grenland og Nordkapp. Utruleg kjekt! Vart litt høg på meistringskjensla, og rota det til nokre gonger til slutt. Men no er det mengdetrening, variasjonstrening, begge sider osv. som gjeld. Kom sommar og sjøtemperatur!!!

Sygni rullar Grenland

Trude var og eit naturtalent med gode rullerørsler inne. Det vert nok fleire laurdagskveldar i Fosnavågen neste år på oss... 

5 kommentarer:

  1. Takk for laget i går! Alltid kjekt å fare heim å vite at no har vi ENDA eit rullekyndig medlem i klubben :-)

    SvarSlett
  2. Og då såg eg jo lett (minst) ein ting eg gjer feil: sveipar jo nesten ikkje med rullearma, men held den nesten like bøygd som "ikkjerulle"-arma. Berre sjå nøye etter! Kamera må nok vere md neste gong og.....

    SvarSlett
  3. Rullekyndig er vel å ta hardt i - men med tida til hjelp så er vi der! :o) Kamara kan brukast meir målretta i treninga ja, det skal vi hugse på neste gong.

    SvarSlett
  4. Gratulerer så mykje med kodeknekkinga. No er det berre masse trening og finpuss som gjenstår! :-)

    SvarSlett
  5. Nei nå må jeg rive meg rundt å ta meg en tur ut så jeg får trent på dette jeg også!!! Så gøy!!

    Forsatt god jul Lene:))

    SvarSlett