fredag 23. desember 2011

Myrtur

Lillejulaften. Inga kvit jul. Vi sneik oss ut mellom bygene. Mamma viste fram ein ny veg i myra med tilhøyrande turbok!
Over nydyrkingfelt endar vegen ved Ruggelva ("Ruggå"). Bakerst ser du Skarsettinden og botnen der elva kjem frå.

Dramatisk himmel, ei ørn i motvind og flott landskap. Artig å sjå kjente trakter frå nye vinklar.

 Myrane er blaute, uendelege og utilgjengelege. Sidan tidleg 1900-talet har dei vorte temt, drenert og dyrka.
I felta her ser ein tydelege spor etter langsame geologiske og biologiske prosessar. Morenemassane i botnen er traktert av isbreear og hav for ca 10 000 år sidan. På toppen har myra bygd seg opp, lag for lag, meter for meter. Når myra vert drenert kjem nedbrytinga i gang, og etter ei stund er det berre 10% av volumet att. Men dette er til gjengjeld den flottaste matjorda du kan tenkte deg.

Stein på stein, lag på lag, fjell på fjell.

Drenering og jorddyrking er fasinerande vitenskap. Pappa har nok gjeve oss litt meir enn gjennomsnittleg innsikt og interesse for temaet. Mengde og nivå på vatnet er skilnaden på blaut myr og matproduksjon. Det må solide kanalar til for å tørke ut områda.



Oldefaren min kom til Skarset for å drive selskapet "Ny jord". Staten støtta nydyrking og etableringar av nye gardsbruk for å demme opp for utvandringa. Ikkje lenge sidan det var eit anna fokus i politikken. Kjekt å sjå at det framleis er nokon som er villig til å investere tid og krefter for å skaffe jordbruksareal!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar