fredag 2. september 2011

Fuglesteg

Søndag 28. august gjekk turen til Fuglesteg. Garden ligg på ei fjellhylle 630 meter over fjorden og er restaurert opp og brukt som DNT -hytte.

Vegen opp var jamt bratt, på god traktorveg og sti. Det var sett opp fleire benkar og laga til utsiktspunkt, og utsikta var omlag like imponerande som dagen før.

På sedvanleg vis ankom vi som nokre våte kråker og benka oss på kjøkkenet for hellekaker og te

Alt dogga. Vertskapet var veldig trivelege og diska opp. 1 meter tjukke steinmurar gjev nokre imponerande vinduskarmar.

Ut på tur - aldri sur!

Tunet og bygningane var imponerande sett i stand. Her kan ein både bu og ha selskap, og det er ikkje avskrekkande langt å gå opp.

Fint på Fuglesteg. Vi var skikkelege heldige med fossane som viste seg i all si prakt.

4 kommentarer:

  1. Fuglesteg er kjempefint! Jeg var der tidligere i sommer - sender deg et bilde på mail som viser utsikten en solrik dag :-)

    SvarSlett
  2. Og berre nokre kilometer unna bur eg,ein utflytta frening som du kanskje ikkje hugsar:-)
    Oddny(f.Husveg)no Urnes

    SvarSlett
  3. Heisann! Det var vel Anita som var nærast meg i alder, og hugser nokon søstre der ja. Det begynner å verte ei stund sidan! Håpar du trivst i Sogn, veit at det er fint der, bak skodda :o)

    SvarSlett
  4. Eg trivs godt her i Sogn! Og ja det er fint bak skodda:-)Men ikkje så mykje sol som eg var van med frå Fræna:-)Når de var på Fanaråken gjekk de kanskje forbi nokre kyr på vegen,de var våre:-)

    SvarSlett