torsdag 1. september 2011

Fannaråken

Siste helga i august var øyremerkt fjelltur, 2000 meters topp og Askvolldamene. Laurdag morgon: Skodde, regn og mogleg avlysing på grunn av vind. Vi bussa til Sognefjellshytta som planlagt og psyka oss opp.
Velaug og eg fleipa med at dette var det næraste vi kom til å sjå Fannaråken i løpet av dagen.....(Så sant som det var sagt...)

Den første bekken var no grei å komme seg over. Regnet gav seg og vi hadde rimeleg trua på ein fin dag i fjellet.

Neste bekk kom vi oss ikkje over utan vassing eller utbløyting av fjellskoa. Det vart vassing.

Det vart det på den neste og. Kaldt men greit.

Nærare breen var elvane grå og endå kaldare. Vatnet gjekk til knes i staden for midt på leggen.

Her fraus ryggmargen min fast, og eg var meir enn ferdig med vassing for dagen. Då kom vi til den siste kryssinga. Brua låg midt ute i ei fossande elv. Vi prøvde å vasse, gjekk heile elva opp og ned eit par gonger, utan å finne nokre betre plass. Klokka gjekk. Breføraren som vi skulle møte 13.00 var på andre sida. Vi bestemte oss for å prøve å vasse med kleda på - og vassa til midt på låra. Men alle plassar var det ein skikkeleg djupål med så stri straum at vi ikkje turde å gå ut i. Må vi avlyse? Må vi snu? - Eit siste forsøk på brua då? Alt var vått, så vi hadde ingenting å tape..  Med fulle regnklede og fjellsko, stritt brevatn godt oppover låra og i samla tropp kom vi oss over.

Klokka var to og vi var for seine. Her var det ingen breførar. F..... og. Ingen hadde lyst til å krysse alle elvane tilbake. Over breen kom vi oss ikkje utan førar. Mobildekning var det, og Janne tok tak.

Årets til no våtaste lunsj.....

Etterkvart kom det ein gjeng nedover breen. - Så sakte dei går?? Ikkje rart dei er seine. Kva slags folk er no dette då?

Vi burde vel ha lukta lunta ettersom det var spreke, veltrente og unge folk som kom ned... Bytting av stegjern og vi er på veg opp. Vått, blått og hardt! Breen var som porselen. Viss ein mista konsentrasjonen eit sekund så gikk ein overende, og det var som å dette i eit såpeglatt badekar. To stygge fall resulterte i kjevetrøbbel og hovne kne hos to av damene. Der og då var det ikkje noko anna å gjere enn å gå vidare.

Fannaråkhytta i det fjerne - endeleg!!!

Våt og sliten gjeng på Fannaråkhytta. Eigentleg hadde vi berre lyst til å vere att der...

...og i alle fall ikkje dra på oss dei søkkblaute regnkleda og skoa att. For å gå 1200 meter nedoverbakke og 5 km veg tilbake til Turtagrø. Utruleg kva ein gjer når det er ein varm dusj og tre-rettars-middag i den andre enden.

Eg har vore på Fannaråken. 2068 m.o.h. Namnet kjem vist av "Fanna-rauken" - ryk av fonna. Fanna - snøfonn, Råk - fjellrygg. MEN eg har ikkje den minste ANELSE om korleis det ser ut der.

Vinden som breføraren var bekymra for merka vi ikkje noko til, og vi kan skryte på oss å ha vassa heile vegen på Fannaråken!

4 kommentarer:

  1. Spreke damer. Ikkje til å undrast over at det var eit litt underleg ganglag på nokre måndag :))))

    SvarSlett
  2. Utrulig kva vilje ein har når ein er på fjelltur. Høyres ut at dere hadde ein flott tur.

    SvarSlett