mandag 8. august 2011

I Hamsuns rike

Med ståande invitasjon (i årevis) om å komme innom Kari og Per Arne på hytta var det med stor glede at vi no faktisk STAKK INNOM!!

Drøs på svaberga til midnatt. Då skulle vi plutseleg gå på tur. Litt skeptiske vart vi no med. Vi hadde ikkje skjønt dette med Nordnorgedøgnrytme endå..

I Tveiten sitt rike
Tysfjorden, fjøra ved hyttene og Korsneset

Turen gjekk til Herøyvatnet og Skjellsteinen. Nydeleg utsikt i alle retningar; Tysfjorden, Vestfjorden. Lofotveggen, Stetind. Majestetisk.

Molter i soloppgang
Store og lekre... Men sidan vi skulle vidare på tur fekk dei lokale heltane ha gullet sitt i fred...

Soloppgang
Takk til Per Arne for eventyrtur i Nordlandsnatta!

Slike netter skal etter regelen ikkje sovast bort, så "after-turen" vart meir bål og drøs.

Dagen etter var litt grå og trist. Vi sov. Las bok. Kviledag gjorde susen etter to lange køyredagar. Nordlandsrytmen sat som eit skot resten av turen.

Etterkvart tok vi oss saman og gjekk tur til Korsneset sentrum og Tysneset. Dette var dei norske gardane i området etter gammalt, i elles sameland. Frå fjellet såg det så kort ut å gå imellom, men vi fekk no lufta oss litt.


Eg skjønnar godt at gjengen på Tveit reiser nordover til ferieparadiset på Korsneset kvart år. Håpar det byr seg fleire høve til å stikke innom Hamsuns rike. Her er mykje å sjå, og triveleg vertskap!

1 kommentar:

  1. Dei har flott natur der nord òg ja, og lysta til å reise nordover vart ikkje mindre etter å ha sett bilda her.

    SvarSlett