tirsdag 19. juli 2011

Stritt i Skodjestraumen

Første feriedag starta med høljeregn. Jammen bra eg hadde ei plan som involverte tørrdrakt uansett. Skodjestraumen skulle padlast, og nye kajakkerfaringar haustast.

Ikkje noko å seie på oppmøtet. Trenden i sommar: Diskret bil med kul kajakk på taket.


Vi starta i den trongaste straumen. Litt surrealistisk landskap med dei flotte Straumsbruene frå tidleg 1900-tal. Eggestraumen bru er den minste. Men straumen var kraftig nok den, og auka på med floa. Det ser så stilt og fint ut, men eg tykte det var stritt nok å krysse og padle motstraums.


Skodjestraumen bru er Norges største steinkvelvbru.

Nok om bruer, meir om padling. Utfordringa med å padle i straum er at ein må tenke litt omvendt frå bølgjer. Her er mesteparten av støtta nedstraums. Det varierar veldig kor godt tak åra får i vatnet. Telemarkssvingen fekk ny meining, og kom til sin rett i slike forhold.

Oddvin har full kontroll!

Litt filming med kameraet i dag, her er ein smakebit av stemninga. Edd demonstrerar motstraumspadling og bruk av telemarkssving for å komme seg ut av straumen att.

Skal prøve å filme litt snuttar ut over sommaren og finne eit egna redigeringsprogram. Det må no gå an å lære seg litt meir med dette etterkvart...
Godver og godstemning. Ein liten peptalk før Sunnmøringane sette kursen heimover.

Vi som ferierar for tida bytta kajakkar og padla utover fjorden til ferieparadiset på Mørkeset. Min første tur i Nordkapp LV, og test av grønnlandåra + ei anna åre. Godt førsteinntrykk av Nordkappen. Fin å kante, meir markert på kant enn Nuken,  lett å svinge, litt tyngre på rett-fram-padling enn Nuken, men og litt meir retningsstabil.

I Nordkapp på Ellingsøyfjorden.

Grønnlandsåre var og interessant. Har mykje ugjort på utforsk-åre-fronten. Turen vart avslutta med cowboyredning. Rusten gitt. Må nok øvast meir.

Testa Endomondo på telefonen i dag. 15 kilometer, med 6,7 km/t i snittfart. Om dette er heilt til å stole på veit eg ikkje. Toppfart var på 26,4 km/t! Det stemmer i alle fall bra med tidspunktet då vi tok maks fart medstraums...

Takk for ein flott tur! Ein ekstra takk til Edd for gode råd og tips om straumpadling, og til Stein Erik og Elin for testing av utstyr samt kaffi og kake!

8 kommentarer:

  1. Neste gang blir jeg med!!! =)

    SvarSlett
  2. Har også lyst å bli med! :-)

    SvarSlett
  3. Eg er klar for fleire turar til Skodjestraumen, så¨det må vi no få til ;o). Best å vere der litt før midt på floa.

    SvarSlett
  4. Så skikkelig morsomt ut i den straumen.

    SvarSlett
  5. Hei
    Kar er det best å sjøsette når ein skal i nærheita av bruene?

    Tore v

    SvarSlett
  6. Vi starta ved bomstasjonen, brukte tunnellen på gamlevegen som garderobe, og gjekk ut ved den raude hytta i bukta der. Om det er det beste utgangspunktet veit eg ikkje, men det funka greit for ein gjeng på seks iallefall. Vil tru at det er greit å gå ut ved kjøkkenforhandlaren rett før bommen på Ålesundsida og.

    SvarSlett
  7. Et annet gogt alternativ er å starte nede i Svortevika (Jensvika) for så å padle ut forbi Langneset og komme ut i Straumen. Da kan du ta det ene løpet ut og det andre inn igjen.

    SvarSlett