onsdag 18. mai 2011

Sunnmørssøndag

Dagen derpå kan brukast til så mangt. Med ein dose frisk luft, utforskartrang og godt selskap vert det fort fine opplevingar. Søndag 15. mai sette vi kursen mot Kverve og Blimsanden, for å finne ut kva dette kunne vere for noko greier.
Godøya i sikte

Lykta på Kverve. Fin turveg og sti ut, og post i turmål Ålesund og omland.

Kva er dette? Då vi var små lærte vi at dette var lavastein frå Island. Men det liknar eigentleg meir på korallskjelett eller svamp?

Mykje artig å sjå i fjøresteinane. I dag snubla vi over ein dam med min absolutte favoritt: SJØANEMONE!

Og har eg kjøpt undervasskamera så skal det nyttast...

Så kule! Eksotisk! Trur det er fjæresjørose (Urticina felina)

Ny tunnel, og vips var vi på Vigra. Etter mykje høgre, venstre, venstre og høgre på nytt så var vi på Blimsanden. Det var ei utruleg flott sandstrand!

Nokon hadde vore tøff i trynet, og sidan invitasjon var sendt ut med oppmoding om å "ta med badetøy" så var det inga bønn...
Sesongen er i gang! Kaldt men gøy!

4 kommentarer:

  1. Fantastiske bilder Lene!!!!!
    Du skriver så godt. :)))

    Det badet så litt kaldt ut ja..hihi...er det på tide å bytte ut tørrdrakta med badedrakt?? ;)

    SvarSlett
  2. Marita Midthaug23. mai 2011 kl. 10:37

    Underholdende lesing som alltid Lene!

    SvarSlett
  3. Hadde dokke med trampoline og? Var no grusomt så spenstige dokke va på det eine bildet der.... ;-)

    SvarSlett
  4. Trong vel ca 35 forsøk på å finne ut av timinga på sjølvutløyser, og tre stk hopperar, så vi jobba oss i form...;o)

    SvarSlett