søndag 24. april 2011

Påskepadling Atløy rundt

Skjærtorsdag var øyremerka padling. Av ulike grunnar starta vi litt seint. Det var litt grått både i naturen og i hovudet. Når vi la ut var det meir på trass enn av noko anna.
Grått i Askvoll. Atløynipa bak. Her skal vi rundt!

Grått utanfor Sauesundet

Bulandsferja ut av skodda på veg innover

Akkurat som i eventyret var det brått simsalabim, og skodda sprakk opp.

Ved Laukelandsøyna såg vi eit hovud som stakk opp. Sel. Eit sekund seinare dukkar det opp på nytt. Er det den same trur du, spør eg Nina. Plopp, plopp plopp. Minst 10 nyfikne hovud ser på oss. Dei legg seg i kjølstripa etter kajakkane, og vert tøffare og tøffare. Dei følgjer oss heilt til Skardvikholmen. Dei mest bråkjekke skremmer vettet av oss med å kaste seg opp og lande med eit enormt plask rett bak kajakkane.  

Havblikk ved Brurastakken

Eg vart nesten religiøs utover. Trolsk og vakker natur steig fram frå skodda. Ikkje eit vindpust.

Soria-Moria-Alden

I Tvibergsundet

Tviberg feriesenter var ikkje ope så vi måtte ty til medbrakt kveldsmat på trappa

Plass til både store og små på Herland

Hamna på Herland

Solnedgang på Høyvika

Dette vart ein spesielt fantastisk tur. Kontrastane på Vestlandet overraskar stadig. Difor er alle prinsipp om at 5-6 bilde er meir enn nok gløymt for i kveld. Bilda er ikkje rettferdige ovanfor opplevinga heller, men det er ei anna sak. Ingen seriøse havpadlarar burde gje seg før dei hadde ein runde rundt Atløy.

Dette er den lengste dagsetappa eg har padla. Atløy rundt er no per def. ein ettermiddagstur...Sjølv om det skal nemnast at det var stummande mørkt då vi kom heim att.
Oppsummering i harde fakta: 33 km. 7,5 time, inkludert tre ilandstigningar.






5 kommentarer:

  1. Veldig fint! Gleder meg til å se dine padleområder også.

    SvarSlett
  2. Nydelege bilete Lene! Litt spesielt at det var havblikk rundt heile øya. Utafor Herland er det jo nesten bølgjer.

    SvarSlett
  3. Magnus: Håpar de får dette veret i Askvoll på ekspedisjonen neste år. Odin: Einaste plassen med litt dønning var mellom Hindøy og Avløyp. Så prosjekt verte-litt-tøffare-i-bølgjer er på vent...;o)

    SvarSlett
  4. Flotte bileter! Må vel snart legge meg i hardtrening sjølv, om eg skal halde følge med deg utover sommaren ser eg!!

    SvarSlett
  5. Fantastiske bilder Lene!! 33 km!!! Imponert!!

    SvarSlett