tirsdag 22. mars 2011

Første padleturen

Søndag 13. mars: Første padleturen for min del i år. Utgangspunkt Flokeneset. Alle brygger med respekt for seg sjølv burde forresten ha namnet sitt med store bokstavar!

Endeleg testing av takstativ og TO kajakkar på taket! Gjekk strålande det.

I dag vart det meir ein "Explore"-variant enn turpadling. Kjekt å krinkle seg innmed alle svaberg, bukter og viker. Og dei er det mange av her. Stilt og fint. Klårt vatn. Turkise sandbankar som lokkar med bading (men vi veit betre i tørrdraktene våre, og let oss ikkje freiste - endå!)

Nina og øyane i Flora i bakgrunnen. Raude nebb og tjeld langs alle strender. Vår i lufta. Bortsett frå ved Skarveberget, der det lukta som ein sildoljefabrikk i høgsesongen..

Eg budde i området her på slutten av 1900-talet, og det var artig å sjå att gamle plassar frå ny vinkel. Det har vore mange morgonturar med Zarek, og mange fine ettermiddagar i sola på svaberga i Nervika...

Vi padla utover mot Stavestranda. Litt meir vind og bølgjer. Litt meir turpadling. Det var fleire hus utetter stranda enn vi visste om. Kjempefint område å padle i! Kjekt å dra ut frå ein ny plass. Men vanskeleg lys og kontrastar for kompaktkamera.

No er eg i gang med kilometerteljinga. Turen i dag vart ca 13,5 km.

Vel heime møtte vi Askvoll padleklubb, avdeling gutteklubben Grei, etter at dei hadde hatt seg ein fin pratetur frå Øyra

7 kommentarer:

  1. Når du har arbeidsoppgaver ved Kystverket i Honningsvåg, skal vi ta deg med på Nordkapp-padling:-)

    SvarSlett
  2. Eg skal nok nok til Honningsvåg i løpet av året ja, og har tenkt tanken sjølv om å infiltrere Nordkaperne! :o) Er litt bekymra no når de vert så utruleg spreke og padlar kvar dag, men de veit no at de må justere krava skal de ha med ein søring..

    SvarSlett
  3. Du er hjertelig velkommen hit opp og padlingen er det ikke noe å være bekymret over.
    Gir du oss beskjed slik at vi får litt tid på oss så skal vi sy ihop en uforglemmelig tur.
    Velkommen skal du være.

    SvarSlett
  4. Då har vi ein avtale..! Skal gje beskjed i god tid, og veit at det ikkje vert reist nordover før etter 25. mai.

    SvarSlett
  5. Den er grei. Da høre vi ifra dæ.

    SvarSlett
  6. Dette så da veldig fint ut, du bor nok i en fin del av landet vårt. Fine bilder og fint fortalt, du klarer lett 400 km.
    RulleRolf

    SvarSlett
  7. Takk for det RulleRolf! Satsar på eit langt år, ny kajakk og ein bra sommar, så kan det jo gå seg til etterkvart med dei 400 ja...;o)

    SvarSlett