søndag 20. februar 2011

Vardane - Sulafjellet

Søndag, sol og Sulafjellet! Etter planen ein litt kortare og lettare tur enn i går. Eg ser rett over på Sula frå leilegheita mi, og gledde meg som ein unge til ny tur!

 I betongundergangen ved parkeringsplassen hadde ei vennleg sjel lagt lista for dagen:


Første del av turen var ein ganske flat turveg. Gamle damer til fots og folk på langrennsski susa forbi oss. Tunge ski med feller var kanskje litt i overkant. Den som ler sist ler best tenkte vi, og labba vidare med fellene våre.  


Første mål var Rollonhytta. Rollon har lite med deodorant å gjere. Det er vist ein gammal ærverdig sportsklubb i Ålesund, som i tillegg til å drive med sport altså har hytte med kiosk på fjellet.

Nina og Rollonhytta, med Vardane (776 moh) i bakgrunnen.

Trass i litt tunge bein så satsa vi på toppen. Kanskje ikkje så overraskande? I det sekund vi sette føtene ved varden var alle tunge bakkar gløymt. FOR EI UTSIKT! Havet i vest, Ålesund i nord, og resten av horisonten full av ville Sunnmørsalpar så langt vi kunne sjå. Påstanden er at ein skal kunne sjå 21 kommunar herifrå, til Hornelen i sør og Talstadhesten i nord. Eg tvilar ikkje.

Ålebyen i all sin stas

Smilet gjekk nesten rundt på oss. Sulafjellet er allereie ein favoritt!

Vardane hadde namnet sitt med rette. Ikkje berre ein, men fleire store solide vardar på toppen.

Bakkane var meir på vårt nivå i dag, og det var litt mindre skrekk og betydeleg meir fryd på nedturen.

På veg heim, nok ein varde. Kolåstind til lengst til høgre bak. Jønshornet (?) til venstre skal tru? Det er i alle fall så flott at det nesten gjer litt ilt.

Turtips og meir info og fleire bilde om denne og mange andre flotte turar på fjellinordvest.net.

5 kommentarer:

  1. Der hadde dere en deilig tur ja! Vi er heldig som har ett så fott turtereng rett utenfor stuedøren! :)

    SvarSlett
  2. Flotte fjell på Sunnmøre òg ja. Sprekingar som tek to såpass lange turar dag etter dag !

    SvarSlett
  3. Det gjeld å nytte høvet med både turkamerat og finver på plass.. Og i mangel på padling må ein vel gjere noko?? :o)

    SvarSlett
  4. Det ser ut til at "innskrifta" stemmer, og at det vart ein fantastisk dag.
    Kjekt å sjå.

    SvarSlett
  5. Det er utrulig flott på sulafjellet. Nesten like flott som fjellet på Alnes.
    Bjørn

    SvarSlett