søndag 13. februar 2011

Sukkertoppen!

Søtt på ein søndag ...  Første topp ut på min første (halve) søndag i Ålesund! Zarek var i fin form etter langtidsopphald og feriekoloni hos mor på Skarset. Han har gått glipp av heile flyttesjauen, stakkars...


Vi menga oss med småbarnsfamiliar og turistar mot toppen. Og turistar er som kjent flinke til å ta bilde av kvarandre.

Nydeleg utsikt til alle kantar! Sunnmøre er ganske fnt på ein solskinnsdag. Potensielle padleturar og toppturar vart vurdert.

Mot Runde i vest


Zarek var og rimeleg godt nøgd med starten på Sunnmørsopphaldet

Ålebyen i all sin stas!

2 kommentarer:

  1. Det ser ut til å vere nesten like fint der som i Askvoll:)

    SvarSlett
  2. Inne på noko der, ja ;o) Kjekt at du legg att ein kommentar eller to - hald fram med det! Satsar på at det vert jammare med turar framover no.

    SvarSlett