mandag 28. februar 2011

Kvannfjellet

Kvannfjellet (980 m.o.h) var målet laurdag 26. februar. Dette er HIKS-fjellet i Fræna. (Høgaste I Kommunen Sin). Ingen  av oss har vore der, og no var det på høg tid. Nokre var meir klar enn andre. Marita hadde lånt seg tipp topp utstyr. Eg hadde lånt lange feller, med erfaringane frå Ausekaret friskt i minne.


Skibok for Romsdal er ein genial turguide, og det var lett å finne vegen. Det vil seie når eg først greidde å finne avkøyringa til Syltesætra så.. Det vart ein liten svipptur til Eide på rekognosering først.

Skia måtte bærast det første stykket. Så labba vi med friskt mot med skia på i bjørkelia. Nydelig fint innover dalen etter plantefeltet. Fint føre. Godt feste. Feller er genialt. Heilt vindstille. Planen var å gå opp til skydekket, ete lunsj og sjå det an.



I lunsjen forsvann landskapet heilt. Alt var kvitt. Litt fortustra vart vi einige om å drøye det litt, før vi skulle snu nedatt i skoddeheimen. Vi såg verkeleg ingenting. Det var nesten så vi lurte på å starte nedover bakkane til fots til vi fekk litt meir sikt.

Brått sprakk skodda opp, og vi såg verda i fargar att! Kvite fjellryggar mot knallblå himmel skar i auga over oss. Gliset gjekk heilt rundt - no skulle vi til topps!


Plutseleg kom det ein heil flokk med folk nede i lia. Vi var ikkje aleine på fjellet meir. Målretta, optimistiske og fulle av krefter la vi til topps. Det var tungt, men greit, og snart var vi oppe ved varden. Her var det isete og glatt med kald vind. Ei anna verd att. Kvannfjellet ba oss dra oss til pisis nedatt. På trass skifta vi klede, fotograferte og sugde til oss inntrykka av snøkledde alpar i sør, vårlege fjell i ytre, Frenfjorden og Malmefjorden. FIIIINT!


Det var vel minst ein anna grunn til at eg ikkje hadde det travelt nedatt. Dødsangst! Nemnte eg isete og glatt? Ikkje eit hint av pudderføret frå forrige helg, som hadde gjeve ny sjølvtillit på skifronten. Forsiktig starta vi nedturen. Marita gjorde ein bra figur. Eg var redd. Ein sving hit, desperat ploging, og ein sving dit. Det vart heldigvis mjukare nedover. Det gjekk betre etterkvart. Men det er for gale å slite seg opp på eit stort fjell, og ikkje gle seg over nedoverbakkane på heimveg. Særleg når turguiden påstår: lett skitur, flotte utforkøyringar!


Vi stakk utpå ein anna liten åsrygg (høgde 510) og tok siste nistepakka. Mildt og fint att her nede. Testing av nytt kamera. Siste del gjennom skogen var ein rein moro. Mjukare snø og ikkje så bratt. Dei første regndråpane kom først når vi pakka skia i bilen. Bra timing. Bra tur!

1 kommentar:

  1. Virker som dere hadde en kjempefin tur! Savner virkelig naturen hjemme når jeg ser dette! :) Kos dere videre :)

    SvarSlett