torsdag 2. september 2010

Skogsfugleldorado

Fuglejakt er førebels utanfor mitt gebet - så eg satsa på karriere som kartlesar og bærplukkar siste veka. Imponerande kor godt organisert fuglejakta i Sverige er, og kor ryddig og greit det er med jaktkort, registreringar og slikt.

Jaktkameratane klare til innsats

Spenninga i jaktkameratleiren var stigande. Noko usikkerheit om kor nord eigentleg var, samt erkjenning av at skogsbilgrusvegar med tilhøyrande barskog og høgstflater er grunnleggjande KLIN LIKE førte til ein litt amper start i jentebilen på dag ein. Men deretter var det jamn stigning! 

Marita med sin første fugl! Ei fin orrhøne.

Terrenga var store og varierte, og vi var innom fleire ulike i løpet av veka. Alle stader såg vi fugl.. I alle variantar! Gutane hadde ein hurradag i Granåsen der dei såg meir fugl på nokre timar enn under heile jaktveka i fjor. Ikkje rart at Arve vart blank i blikket og grautete i målet når han skulle fortelje om "...gode gamle Granåsen...."

Kos i terrenget høyrer med. Naturopplevinga er ein viktig del av jakta. 

Jaktkameratane må berømmast for høg moral, fokus på tryggleik og konsentrasjon. Vi fekk og erfare myrfotar, som utover i veka utvida seg til å verte myrkropp. Kva det er for noko? Gå med sekk og hagle 8 timar i myrterreng og du har full kontroll på "Myrfotan"...

Røy - flott fugl med nydeleg fjørdrakt

I løpet av veka vart det felt tiur, røy, orrfugl, orrhøne, jerpe, lirype i fleng samt ei nøttekråke på oppmoding frå biologen. Når vi veit at "Arve spesial" er fellesmiddag med orrfugl i appelsin- og tranebærsaus så er det berre å gle seg til vinteren.

Vi lærte mykje om fuglane, habitatbruk og terreng. Faktisk var det så interessant at eg kunne tenke meg å lære meg å skyte med hagle sjølv. I område med så rikeleg med vilt, og god forvaltning i botnen, er jakta også utan bismak. Etter ei veke i Dorotea var vi ikkje i tvil: Dette er eit skogsfugleldorado!

Skogens godgut i kongehumør. Her har Kent fått fuglemiddagen i boks og.

Bjørnejakta begynte når vi kom, og i Vesterbotten län vart det felt 25 stk første dagen. Vi fekk høyre om helikoptertaksering med 40 individ på 50 km strekning. Heldigvis hadde vi gjort heimeleksa vår og lært korleis vi skulle oppføre oss i bjørneland: Video om bjørneoppførsel.

"Neiru" og "Jaharu" med grovmålet og svensk aksent var øvd inn over 90 mil i bil og ei veke i lavvo og sat som eit skudd hos samtlege. Det næraste vi kom bjørn var bjørnebæsj. Og det var heilt greit.

Oliver tjädertupp!

Kunne godt tenke meg å ha ein veldressert springer spaniel med meg på jakt i slikt terreng. I tillegg til jaktkameratane sjølvsagt. Vestlendingen får perspektiv på livet etter hundrevis av kilometer skogsbilveg, millionvis av tre, mosaikk av hogstflater og ei veke utan utsikt.

Den som ikkje jaktar sjølv får finne seg i å vere eit trofe..? ;o)

 Vertskapet på Dorocamping var kjempetrivelege, og servicen på Sporten upåklageleg.  

Så fornøgde vert jaktkameratane etter jegerspesialmiddag på Dorocamping..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar