onsdag 1. september 2010

Ondt ofte lider den Fiskermand

Fiskekort kr 200,- /veke. Det svenske fjellstyret oppmoda oss om å kose oss med fiskinga og fiske så mykje som vi klarte å ete. Så langt alt vel. Installert i lavvoen ved Dåaranjaevrien (vatnet). Såvidt uti med fiskestanga. Der satt han! Fjellauren var på bet!

Kveldsstemning ved vatnet og Karianne med sedvanleg fiskelykke utover kvelden.

Etter ei lita kveldsøkt hadde vi 5 kg fjellaure! 10 stk frå 400 - 700 g.
Oteren var med berre som naudløysing. Det viste seg å vere heilt unødvendig.. 

Det var no vi skjønte at vi hadde eit problem. Vi hadde jo berre såvidt fyrt opp fiskeinstinktet, ikkje eingong varma skikkeleg opp. Allereie var matkvoten full. Aiaiai.

Å jaudå! Det ER storleiken som tel....

Fisk på fat - bærre lækkert!

Og vi åt fisk. Steikt fisk, røkt fisk og fiskesuppe.

Det vart mykje mindre fisking enn vi hadde tenkt. Nettopp fordi vi fekk mykje fin fisk, som ikkje var råd å sette ut att. Og det var begrensa kor mykje vi klarte å ete unna. Neste gong skal vi ha med eit par personar til, som elskar å ete fisk men som hatar å fiske.   

Arve fileterte - bærre lækkert!

Turens største - etter nøye innveging! 990 g.

Det var så fin kvalitet på fisken at det var - bærre lækkert!

Så med ubegrensa tilgang til fjellaure av toppkvalitet dreiv vi knallhard sjølvjustis. All fisken vi fiska vart eten og teken vare på. Berre dei som var heilt fine i munnen vart sett ut att.

Det er hardt å vere ein fiskarmann...Men for ein gongs skuld så var det ikkje naglebet, mygg, regn, kulde eller andre ulumskheiter som var problemet. Det var rett og slett FOR BRA BET!

1 kommentar:

  1. Her var det mykje fin fisk ja. Han er ikkje alltid so bitevillig her i Stongfjordfjella, men av og til kan det slå til... http://www.facebook.com/?ref=home#!/photo.php?pid=146500&id=100000984797188&ref=fbx_album

    SvarSlett