tirsdag 17. august 2010

Slogen - dametinden

13.-14 august drog Askvolldamene på tindetokt i Sunnmørsalpane. Kristoffer Randers skriv i boka si frå 1898:
"Her er fjelltopper som Slogen, som nå etter den vanlige rute til topps regnes for en”dametind””

Men på den andre sida så skreiv han og:
"Det er Slogen på nordsiden av Norangfjorden som har den dristigste reisning, eleganteste bygning og den mest utpregede og fullendte tindeform."

Jammen var det flott når vi kom over skodda og tindane reiste seg i alle retningar.

Nokon ville telte i fjellet.

Men vi ville på historisk grunn i Patchell sine fotspor. Originalhytta han bygde på 1920-talet står framleis.

Men denne var for tida okkupert av snekkarar, så vi måtte ta til takke med den moderne varianten av Patchellhytta som er stashytta til Ålesund og omegn turistforening.
Og her var det FINT! Fantastisk natur. Humøret var på topp! I morgon skal vi på Slogen! Eg gledde meg som ein liten unge. Før vi hadde vore eit kvarter ved hytta visste vi at vi skulle tilbake. Ein gong. Heilt klart. Eit døgn var ikkje nok.

Første blikk på morgondagen si utfordring. Han Randerskaren visste nok kva han snakka om ja...
Meg, Anne og Nina med Slogen bak

Morgonen etter fekk vi oss ein liten kalddusj. Skodda låg langt ned i fjella. Vi begynte å gå mot toppen. Hadde sett den kvelden før, så vi var heilt sikker på at den låg der. Her får ein ta det som det kjem.

Dametoppen var samarbeidsvillig og skodda letta etterkvart som vi kleiv i bakkane. På kartet stod ei rute, og ein lokal helt hadde gjeve oss nokre gode råd om anna vegval kvelden før. For sikkerheits skuld gjekk vi eit alternativ omlag midt i mellom desse. Gjekk fint det. Vi kom etterkvart inn på ryggen opp mot toppen. Større dimensjonar enn Askvollfjella dette. Trua steig etterkvart som sola fekk tak.

Litt klyving måtte til siste stykket.

Anne lot høgdeskrekk vere høgdeskrekk og tok toppen med stil.

Toppen! Vardebilde er sjølvsagt heilt obligatorisk. Ganske luftig der oppe. Skodda og utsikta kom og gjekk, og det var nett som heile toppen sveva.

Boka på toppen var av kjent slag. Burde vore ein frivillig 100-poengar i fjelltrimmen dette.

Sunnmøre er berre utruleg flott. På veg ned var det tid til å nyte både tindane og alle dei vakre blomane.
Fjelltjæreblom (Viscaria alpina)

Issoleie (Beckwithia glacialis)

1564 meter er ikkje gale å gå oppover fordelt på to dagar. Men å gå nedover...Mjølkesyra tok skikkeleg tak i låra etterkvart. Vi gjekk og med litt større sekker enn "folk flest". Ikkje alle som tek med soveposen på Slogen. Nedoverbakkane tok aldri slutt.

Vel nede måtte vi innom Union Øye og kikke litt. Jammen hadde det ikkje vore Askvollingar her før! Kunstmålaren Anders Askevold hadde slått til med eit Slogenmåleri utan kyr.


Stor takk til Anne og Nina for den beste feriestarten eg kan hugse! Slike turkameratar veks ikkje på tre.

(Beste feriestart viste seg i ettertid å vere rekordgangsperr og store problem med generell mobilitet i tre dagar til ende..)

2 kommentarer:

  1. Der var du :) Kan fremdeles huske gangsperren etter forrige runde på Slogen...........

    SvarSlett
  2. Det er moro å lese turbeskrivelsene dine, Lene! Na-tur-talent! ;-)

    SvarSlett