onsdag 4. august 2010

Naturreservathopping

3. august og padling. Eg møtte Nina og Ørjan på Øyra. Ørjan skulle på Atløybesøk, drog fort frå dei "gamle" damene og sneik seg unna fotografering. Sulling i Sauesundet. Speilblankt. God sikt i sjøen. Artig å legge seg heilt inn i berga.

Stas med Sauesundet. Kvar gong.

I dag padla eg Avocet med senkekjøl. Nina tok ein Aquanaut LV utan senkekjøl eller ror.

Så mykje for tur, men vi må ha ei oppgåve for dagen. - Er det for langt å padle til Krokholmen? Eg spør forsiktig, med ein klar baktanke... -Den der? Nina svarar med vantru stemme. Den ligg jo rett her borte. Klart vi padlar dit. Minst!

På veg utover fortel eg om planen. Tilbakeerobring av naturreservata! Ilandstigningsforbudet varer til og med 31. juli. Vi er no komne til 3. august. Det ligg tre reservat innanfor synsradius frå stoveglasa våre. Dei tre finaste holmane å gå i land på. Dagens oppgåve er krystallklar: Ilandstigning på alle tre - der vi ser fredningsskilta, uansett korleis berga er der. Fotografering ved kvart skilt. 

Eg er nemleg ikkje så god på ilandstigning, og eg synes tang er ekkelt. Greit å jobbe litt med det. Med blikkstille sjø er det kanskje ikkje verdas største utfordring, men likevel.

  
Krokholmen! Namn og info om reservatet kan dei ikkje sette opp, men forbodet skal skiltast.... Krokholmen var staden for henrettingar i heile Sunnfjord på 1700-talet. Spoooky! Vi ser for oss at det ligg skjelett i haug og dungar rundt her.

Flatøya! No er vi begge litt ivrige på jakt etter reservatskilta! To av tre!

Varm i trøya og tøff i trynet. No vert det dropp frå berga. Nina med 20 i stil. Dette såg jo enkelt ut..

Og det var det jo! Bildet er litt uskarpt fordi eg som kjent er ein racer til å kaste meg uti..

Siste skiltet på Prestøya.

3 timar og 3 naturreservat. Fire ilandstigningar og to dropp på kvar. Ca 12 km. Kjempetur!
Det einaste vi ikkje såg noko til var dei freda sjøfuglane...Hadde det ikkje vore for eit par måsar og ein tjeld på Krokholmen hadde vi vorte litt snurte.

No er det slutt på sommarkveldane. Vi sneik oss langs land tilbake til basen. Gira på å padle meir utover hausten. Vi må ha lys! Det går fint å padle i mørket, men det er ein fordel at båtane ser oss.

Og dersom vi hadde sjekka litt betre på førehand kunne vi teke med Kvannholmen og landa det 4. reservatet. 

1 kommentar:

  1. Så fortrolig med det våte element, er du sikker på at du er datteren til dine foreldre.
    Hilsen mamma

    SvarSlett