onsdag 16. juni 2010

Aktivitetsdag!

Galne bygdefolk tek fri frå jobb for å jobbe dugnad. I alle fall når dugnaden er å ha padling med ungane på skulen!

-Ingen problem, seier Odin. "Doble kajakkar er så stabile så. Det vert finfin øving på tauing og litt teknikk. Litt nordavind går greit". Javel, tenker eg. Eg er jo berre ein skarve assistent...

Fornøgde 5.klassingar etter padleøkta

Ivrige 6. klassingar klar til padling etter lunsj..

Flåte er ikkje lett i nordavinden - både fotograf og flåte dreiv i land..

Strålande sol, nordleg vind ca 10 m/s + vindkast. Bilda lyg litt. Ikkje om Askvoll-natur-fint, men om temperaturen.

Det vart tauing. Det var motvind. Tauemusklane vart lange. Men utruleg kjekt. Ungane padla på i motvinden, og var like blide, sjølv om dei vart våte, litt kalde og arm-musklane var sure for lengst.

Prototypen på fornøgd aktivitetsleiar?

God rekruttering? Satsar på det... :o) Askvoll Padleklubb har i tillegg gratis kurs for ungdom i sommar, og på nettsida kjem det fleire bilde frå aktivitetsveka etterkvart.

MEN SÅ....
Turbodamene hadde tenkt å ta "ein dobbel" om ettermiddagen. Eg vart frista.. Det var jo tross alt overkroppen som hadde fått trimmen på dagtid, ikkje beina.

I litt rolegare tempo enn vanleg starta vi ved vassverket. Fagredalen- Fanafjellet. Dette fjellet fornektar seg ikkje. Kaldt og j..... som vanleg. Skal sjå langt etter dei brune leggane i år...

Fanafjellet (har visst panoramafunksjon på kameraet gitt! Klikk på bildet for større utgåve)

Vi prøvde å peike ut Smørskorsnova, men det vart mange framlegg til kandidatar. Utruleg kor terrenget snur seg frå ulike vinklar.

Samrøystes: nista skal etast i le! Vi durar austover - og er nesten heilt einige om vegen. I dei fleste tvilstilfelle følgjer vi Zarek. Etterkvart kjem vi inn på turlagsstien mellom Stongfjorden og Nipebu. Mellom Siklebergsvatna og til Langevatnet. Kjempekjekt å gå litt innover i fjellet, ikkje berre rett opp og ned på toppane. Sjelden eg trakkar desse stiane.

Kryssing mellom Siklebergvatna

Fint oppstilte klar for bilde. Eg har teke på turgliset - men fotografen ferskar i staden mat-tjuven som nyttar høve til å hive seg over bollen til Connie. Never trust a Spaniel!

På turlagsstien ved Langevatnet

Topp to er greit unnagjort. Fint turver, om kaldt. Heimatt går vi om Bogetjønna og Bogejota. Fint! Traff nokre sauer og, men dessverre litt for få. Skulle vore hundrevis av dei for å halde fjellet ope og attgroinga i sjakk.

14. juni vart aktivitetsdag - både for ungane og meg. Med ein tidleg kveld for mitt vedkommande....

2 kommentarer:

  1. Flotte bilder og fine turar dette Lene. Kjekt å sjå ungar og vaksne kosar seg både i fjellet og ved fjorden. Fjellområdet er eitt av mange flotte på Askvollhalvøya som det er vèl verdt å ta vare på...!

    SvarSlett
  2. Heihei! Flott at du har fått blogg du og, Lene!
    Flotte bilete og tekst! Det vart litt vind på aktivitetsdagane. Den dagen du var med, var nok den mest vindfulle ja..

    SvarSlett